Multiprogrammering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Emnet gjev ein introduksjon til prinsipp for å programmere sikker, påliteleg og robust programvare med mange trådar eller prosessar.

Innhald:
Teknikkar innanfor multiprogrammering har ei særs viktig rolle i emnet, men det kan hende at beslekta teknikkar som til dømes hending-styrt programmering blir tatt opp. Emnet kombinerer eit sterkt teoretisk grunnlag med løysing av praktiske øvingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • kjenner viktige modellar for samtidige prosessar og datastrukturar, som til dømes felles minne, meldingsorientering, «actors», «futures» og primitivar for data-parallellitet,
  • kan forklare potensielle køyre-tidsproblem som kan oppstå når fleire delprogram blir eksekvert samtidig, og
  • kan bevise dei viktigaste protokollane for synkronisering av samtidige prosessar.

Ferdigheiter
Studenten

  • kan skrive korrekte samtidige program ved å bruke passande programmeringsmodellar,
  • kan bruke synkroniseringsprimitivar på ein god måte,
  • kan modelleresamtidige prosessar/trådar ved å bruke ein formell metode,
  • kan nytte verkty for analyse og verifikasjon av samtidige prosessar.

Generell kompetanse
Studenten

  • kan planlegge og løysa varierte arbeidsoppgåver som krev samtidige prosessar,
  • kan formidle sentralt fagstoff som teorier, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og andre relevante uttrykksformer, og
  • kan utveksle synspunkter og erfaringer med fagfolk.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gjevast i form av førelesningar, oppgåvegrupper, kollokvium, sjølvstudium, og oppgåver, til saman ca. 270 studietimar.

Førelesningar inntil 4 timar per veke i 13 veker (til saman ca. 40 timer), og gruppearbeid 2 timar per veke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (3 timar). Både innleveringar og eksamen må vere bestått. Vektinga blir kunngjort på mittuib ved semesterstart.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.