Kombinatorisk optimering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Emnet skal gje kunnskapar i teori og løysingsmetodar for kombinatoriske optimeringsproblem

Innhald: Emnet tek for seg metodar for løysing av kombinatoriske optimeringsproblem og heiltalsprogrammering. Tema som vert dekka er mellom andre modellar og algoritmar for flyt i nettverk, pardanning, tilordningsproblem, matroider, ryggsekkproblem, relaksasjonar, tresøkmetodar og kutteplanalgoritmar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner teorien til kombinatoriske optimeringsproblem

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere eit kombinatorisk optimeringsproblem effektivt
  • kan modellere industrielle planleggingsoppgåver som kombinatoriske optimeringsproblem

Generell kompetanse

Studenten kan

  • gjere greie for kor raskt eit kombinatorisk optimeringsproblem kan løysast
  • gjere greie for den matematiske teorien som ligg til grunn for algoritmane for kombinatoriske optimeringsproblem

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master/ph.d.

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
I273: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar og gruppeøvingar.

Førelesing/ 4 timar pr. veke

Gruppeøving/ 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet
To obligatoriske oppgåver, gyldige ett påfølgjande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Avsluttande munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no">studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.