Utplassering i informasjonsteknologi og økonomi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ITØK281
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane verdifull og relevant praktisk erfaring gjennom praksisutplassering i ei bedrift eller forskingsverksemd relevant for informasjonsteknologi/økonomi. Studentane skal være utplassert hos oppdragsgjevar faste dagar i veka.
Innhold:
I emnet skal studenten delta aktivt i ei praksisutplassering hos ei bedrift/forskningsverksemd med arbeidsoppgåver som naturleg høyrer til innanfor Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. Emnet skal gi praktisk forståing for typiske arbeidsprosessar i ei bedrift/forskingsverksemd retta mot informasjonsteknologi og økonomi, med bruk for eksempel innan innhenting av marknadsdata, dataanalyse, modellering, programmering, tilpassing av software for bedrifta eller for bedrifta sine kundar. Emnet skal gi mulighet til å reflektere over samspelet mellom fullførte teoretiske fag i utdanningsprogrammet og praktisk yrkesutøving.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om bedrifta/institusjonen sin eigenart og plass i samfunnet
- kan gjere greie for arbeidsoppgåver og arbeidsmetodar i gjeldande praksisbedrift/institusjon, samt beskrive bedriftskulturen og rollene til kollegaer i praksisbedrifta
Ferdigheiter
Studenten
- kan sette seg inn i tildelte arbeidsoppgåver, samt kommunisere og samarbeide med involverte parter for å løyse desse
- kan reflektere over eigen fagleg utøving
- kan presentere arbeidet som er utført i praksisperioden skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
Studenten
- kan innordne seg etter krav som blir stilt i arbeidslivet
- kan reflektere over eigen kunnskap og læring, og reflektere over si eiga rolle i samarbeid med andre
- kan kommunisere om sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg, og utveksle synspunkt og erfaringar med fagpersonar innanfor fagområdet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Praksisutplassering i bedrift
Praksisarbeidet skal utgjere to fulle arbeidsdagar pr. veke frå miden av januar til slutten av mai (14 veker). Dette tilsvarer omtrent 200 arbeidstimar. I tillegg kjem forarbeid, rapportering, presentasjoner og anna naudsynt arbeid i samband med emnet. Det vert utarbeida ein skriftleg kontrakt mellom studenten, Universitetet i Bergen og praksisbedrifta. Skiftleg og munnleg rapportering skjer til kontaktperson ved Universitetet i Bergen.
Det gis skriftleg tilbakemelding frå kontaktperson i bedrifta
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av timelister signert av kontaktperson i bedrifta
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenning.
Vurderingsformer
Mappevurdering av det faglege innhaldet i praksisperioden med karakteren bestått/ikkje bestått.
Mappa baserer seg på følgjande delar:
- Kort rapport om utførte arbeidsoppgåver kvar tredje veke
- Et refleksjonsnotat undervegs i praksisperioden
- Oppsummerande refleksjonsnotat etter enda praksisperiode
Detaljerte retningslinjer og fristar vert kunngjort ved oppstart for emnet. Delar av mappa sitt innhald kan måtte leverast/presenterast som elektroniske dokument/nettsider.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.