Rettsfilosofi og argumentasjonsteori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

JUS110 Rettsfilosofi og argumentasjonsteori er berekna på studentar ved femårig masterprogram i rettsvitskap som allereie har tatt examen philosophicum i samband med anna utdanning.

Emnet skal gi studentane filosofiske perspektiv på juridisk verksemd og fagkompetanse som gjer dei i stand til å nytte denne på ein kritisk og analytisk måte i rettsdogmatiske og rettspolitiske samanhengar. Emnet gir ei innføring i rettsfilosofi og andre filosofiske tema med særleg relevans for rettsvitskapen. I tillegg gir emnet ei innføring i språk- og argumentasjonsteori, med sikte på å fremje juridiske ideal om presisjon og stringens.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for rettsvitskapen, til dømes rettsfilosofi, etikk og politisk filosofi. I tillegg har studenten kjennskap til sentrale omgrep i språk- og argumentasjonsteori med relevans for rettsvitskapen, til dømes skiljet mellom fleirtydige uttrykk og vage tydingar, skiljet mellom deskriptive og normative tydingar og skiljet mellom haldbarheit og relevans av argument.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

  • å bruke filosofiske omgrep i analytiske og prinsipielle drøftingar av problemstillingar i jussen
  • å drøfte etiske og rettspolitiske problemstillingar ved å anvende teoriar frå moralfilosofien og politisk filosofi
  • å drøfte kva som kjenneteiknar gjeldande rett ut frå ulike rettsfilosofiske posisjonar
  • å tolke juridisk ordlyd mellom anna med sikte på å avdekke fleirtydigheit
  • å lage og vurdere definisjonar av språklege uttrykk
  • å argumentere for eit normativt eller deskriptivt standpunkt og å vurdere dei einskilde argumenta i slik argumentasjon
  • å gjere det ovannemnte i munnleg samtale så vel som i skriftleg framstilling

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

BA - Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha gjennomført dei tre første semestera ved femårig masterprogram i rettsvitskap eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
I kombinasjon med EXPHIL-JUSEM eller EXPHIL-JUEKS gir emnet ingen nye studiepoeng.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved femårig masterprogram i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. Emnet inngår ikkje i graden og kan ikkje erstatte andre emner i mastergraden i rettsvitskap. Bestått resultat vert dokumentert ved karakterutskrift.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar, fellesrettleiingar, seminarsamlingar, læringspakkar og individuell rettleiing. Seminara har oppmøtekrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal

  • ta del i minst 75% av seminarsamlingane
  • gi ein munnleg presentasjon i seminaret
  • levere eit utkast til seminaroppgåve
  • møte til ei individuell rettleiing om seminaroppgåva
  • gjere minst 75 % av læringspakkane
  • greie ein breddetest med spørsmål frå alle delar av pensum

Godkjenninga er gyldig i semesteret for godkjenning og til og med det neste vårsemesteret, med unntak av at individuell rettleiing om seminaroppgåva må skje i det semesteret ein tek eksamen.

Vurderingsformer
Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva vurdert.
Karakterskala
I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Hovudlitteratur («kjernelitteratur»), eventuell innføringslitteratur og/eller tilleggslitteratur publiserast i Leganto 1. desember.
Emneevaluering
I samsvar med retningslinjer for evaluering av emnar ved Det juridiske fakultet.
Programansvarleg
Studieutvalet ved Det juridiske fakultet
Emneansvarleg
Professor Eivind Kolflaath
Administrativt ansvarleg
Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet