Masteroppgåve (60 sp)

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid, skriven under rettleiing, der studenten sjølv har ansvaret for framdrift og resultat. JUS396 strekkjer seg over to semester.

Opptak skjer etter søknad. Saman med søknaden skal studenten levere ei prosjektskildring, der fagområde og problemstilling framgår. Etter at studenten er tatt opp på emnet, kan problemstillinga avgrensast og tilpassast, dersom endringane blir gjort i samråd med oppnemnt rettleiar og ikkje føreset byte av rettleiar. Sjå nærmare om søknadsfrist og grunnlaget for opptak under «Krav til forkunnskapar».

  1. I god tid før søknadsfristen går ut, arrangerer fakultetet eit orienteringsmøte om masteroppgåveemna. Orienteringsmøtet blir etterfølgd av ei rekkje fagmøte, der dei fagansvarlege informerer om sine respektive fagområde og der studentane kan ta opp moglege problemstillingar som dei vurderer å skrive om.

Særleg om gruppearbeid

Masteroppgåva kan skrivast som gruppearbeid av to studentar. Søknad om gruppearbeid må leverast samtidig med søknad om opptak, av begge studentane. Begge må oppgi namnet på den ein ønskjer å skrive saman med og levere likelydande prosjektskisser. Prosjektskissa må vise at prosjektet er veleigna for gruppearbeid. Av skissa må det også gå fram korleis studentane har tenkt å løyse utfordringar som oppstår dersom samarbeidet ikkje varer fram til levering.

Søknaden blir behandla av den emneansvarlege. Dersom det er grunnlag for opptak på emnet, og prosjektet blir vurdert som realistisk og veleigna for gruppearbeid, vil fakultetet prøve å finne rettleiar. Dersom fakultetet finn rettleiar, blir søknaden om gruppearbeid innvilga. Dersom prosjektet ikkje blir vurdert som realistisk og veleigna, eller fakultetet ikkje lykkast med å finne rettleiar, blir det gitt ein ny, kort frist for å levere ny prosjektskisse - enten saman eller individuelt.

Sjå nærmare om sensur av gruppearbeid under «Vurderingsformer».

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten skal tileigne seg

  • avansert materiell kunnskap innanfor det fagområdet masteroppgåva omhandlar
  • avansert kunnskap om metode og særskilte metodiske utfordringar på fagområdet
  • avansert kunnskap om grunnleggande vitskapsideal, under dette krav til kjeldetilvisingar og respekt for andre sine arbeid
  • kunnskap om etiske spørsmål innan fagområdet.

Ferdigheiter

Studenten skal vere i stand til å

  • identifisere problemstillingar som er eigna for analyse i ei rettsvitskapeleg masteroppgåve
  • formulere problemstillingar, argumentasjon og konklusjonar på ein presis måte
  • analysere problemstillingar på ein sjølvstendig måte og i samsvar med faglege ideal
  • orientere seg i tilfanget av kjelder, finne relevante kjelder og skilje kjelder med akademisk tyngde frå andre
  • skilje mellom rettsdogmatiske analysar og andre analyser i rettsvitskapeleg arbeid (historiske, teoretiske mfl.)
  • vurdere gjeldande rett og drøfte behov for endringar
  • skrive ei sjølvstendig framstilling med ein ryddig struktur
  • gi ein munnleg presentasjon av hovudproblemstillingar og funn i oppgåva, og delta i ein fagleg samtale om desse og om tilgrensande problemstillingar innan fagområde som har tilknyting til oppgåva.

Generell kompetanse

  • Studenten skal etter gjennomført masteroppgåve
  • kunne planlegge og gjennomføre eit større juridisk arbeid innan ein gitt frist
  • kunne formidle omfattande sjølvstendige arbeid på en ryddig og presis måte
  • kunne ta imot tilbakemeldingar på eige arbeid og nyttiggjere seg slike tilbakemeldingar
  • kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på nye rettsområde og bidra til løysing av nye problem.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

MA-nivå

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, UiB
Krav til forkunnskapar

Fjerde studieår må vere fullført før ein byrjar på masteroppgåva. Sjå Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet § 2-3.

Søknad om opptak på emnet blir avgjort på grunnlag av ei samla vurdering av prosjektskildringa og faglege prestasjonar. Opptak føreset gode eksamensresultat og at fakultetet finn ein rettleiar med førstekompetanse.

Krav til søknaden, fristar m.m.:

Søknad vedlagt prosjektskildring, karakterutskrift og eventuell søknad om gruppearbeid skal sendast til masteroppgave.jurfa@uib.no.

Krava til prosjektskildringa er dei same som krava til prosjektskildring ved søknad om opptak på JUS397 Masteroppgåve (70 sp) forskarline. Sjå nærmare om desse krava på nettsida til forskarlinja.

Studentar som er påmeldt JUS399 og har starta skrivearbeidet, kan søkje om overgang til JUS396 med levering av masteroppgåve påfølgjande semester. Slik søknad blir vurdert etter dei ovanfor nemnte kriteria, og føreset i tillegg tilråding om overgang frå rettleiar.

Studentar som søkjer opptak til JUS396 kan søkje om å få tildelt eit av fakultetet sine stipend tilknytt stor masteroppgåve, som normalt blir lyst ut éin gong i året. Studenten må då levere søknad om opptak og stipend samla, innan søknadsfristen som gjeld for stipend.

For studentar som ikkje skal søkje om stipend, gjeld følgjande fristar for å sende søknad om opptak med vedlegg:

  • 15. mai - for skrivestart haust, med levering av masteroppgåva vår
  • 15. oktober - for skrivestart vår, med levering av masteroppgåva haust.

Etter opptak på emnet, vil fakultetet opprette vurderingsmelding; studenten kan ikkje sjølv vurderingsmelde seg. Studenten må semesterregistrere seg som normalt (frist 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret).

Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen overlapp med emner ved Det juridiske fakultet
Krav til studierett
MAJUR eller MAJUR-2
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt på norsk.

Studentar som er tatt opp på JUS396 følgjer undervisningsopplegget for JUS399. Dette blir gjennomført kvart semester, og studentar på JUS396 kan sjølv avgjere om dei vil følgje undervisninga på våren, på hausten eller ein kombinasjon tilpassa progresjonen i arbeidet. Undervisningsopplegget inneheld førelesingar i kombinasjon med oppgåveløysing og diskusjon, og omhandlar mellom anna rettskjeldesøk, forskingsetiske retningslinjer og tekstkvalitet. Fakultetet fasiliterer også etablering av studentstyrte kollokviegrupper, som får innspel til opplegg for eit avgrensa tal kollokvium.

Studentane har rett til 30 timar individuell rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Studentar som skriv masteroppgåve som gruppearbeid får til saman 60 timar rettleiing. Timetalet omfattar tida som rettleiaren bruker til lesing og godkjenning av prosjektnotat, lesing av utkast, utarbeiding av kommentarar, telefonkontakt, korrespondanse og samtale med studenten/studentane. Sensur av masteroppgåva føreset at oppgåva er skriven under rettleiing. I så måte har studenten også plikt til å ta imot rettleiing. Det er studentens eige ansvar å oppsøke og nyttiggjere seg rettleiing, og studenten kan ikkje krevje at rettleiaren legg til rette for fjernstudium i skriveperioden.

Studenten får tildelt rettleiar av fakultetet. Rettleiaren må minst ha førstestillingskompetanse og skal som hovudregel vere tilsett ved Dei juridiske fakultet, UiB. Dersom særlege omsyn gjer seg gjeldande, kan ekstern rettleiar oppnemnast. Eksterne rettleiarar må godkjennast av fakultetet. Sjå fakultetets nettside om vilkår og retningslinjer for slik godkjenning.

Sjå også under «Obligatorisk undervisningsaktivitet» like nedanfor.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriving under rettleiing

Sensur av masteroppgåva føreset at oppgåva er skriven under rettleiing. Det å ta imot rettleiing er såleis eit obligatorisk arbeidskrav. Arbeidskravet er ikkje oppfylt dersom studenten ikkje har tatt kontakt med rettleiaren eller vore utilgjengeleg for rettleiaren, har latt vere å oversende tekst til rettleiaren eller på anna grunnlag må reknast for ikkje å ha tatt imot rettleiing. At studenten har vald ikkje å følgje rettleiaren sine faglege råd, inneber ikkje at rettleiing ikkje er tatt imot.

Rettleiinga skal avgrensast til to semester, med mindre noko anna er særskilt avtalt, eller det er særlege grunnar til at arbeidet med masteroppgåva har tatt lengre tid.

Sjå også Instruks for veiledning og sensur for masteroppgavene JUS399 og JUS396 og Masteroppgave ved det juridiske fakultet.

Presentasjon i forskargruppe

Studentane skal presentere prosjektet sitt for ei forskargruppa når studenten er om lag midtvegs i arbeidet. Den emneansvarlege avgjer kva for ei forskargruppe prosjektet skal presenterast for. Før presentasjonen skal studenten sende eit utdrag av masteroppgåva på opp til 20 sider til heile forskargruppa.

Vurderingsformer

Masteroppgåva blir sensurert av to sensorar og gitt ein foreløpig karakter. Studenten blir informert om foreløpig karakter.

Etter at sensorane har vurdert masteroppgåva, skal det gjennomførast munnleg prøve. Den munnlege prøven skal som hovudregel vare i 30-45 minuttar, og begge sensorane skal delta. Prøven blir gjennomført digitalt.

Eksamineringa av studenten skal ta utgangspunkt i læringsutbyteskildringa for emnet. Studenten kan bli spurt om problemstillingar som oppgåva omhandlar, og om tilgrensande problemstillingar innanfor det same eller tilknytte fagområde. Munnleg prøve kan også brukast for å kontrollere at oppgåva er eit sjølvstendig arbeid frå studenten og i samsvar med grunnleggande vitskapsideal, under dette gjennom spørsmål knytt til studentens rettskjeldesøk og metodiske tilnærming.

Den munnlege prøven kan føre til ei justering av den foreløpige karakteren til kandidatens gunst eller ugunst, men ikkje med meir enn eitt steg på karakterskalaen.

Studentar som har fått godkjent masteroppgåve (karakteren A-E), kan ikkje levere denne eller ei anna oppgåve til ny vurdering. Studentar som har fått vurdert ei innlevert masteroppgåve til F, kan berre levere masteroppgåve til ny vurdering dersom oppgåva tar opp ei anna problemstilling eller er ein vesentleg omarbeidd versjon av den tidlegare innleverte oppgåva. Fakultetet gir inntil 15 timer ekstra rettleiing etter søknad. Den emneansvarlege avgjer om det skal oppnemnast ny rettleiar.

Sjå også Krav til skriftlige arbeider på masterprogrammet i rettsvitenskap ved UiB, Retningslinjer og instruks for justerende muntlig i JUS396 og Instruks for veiledning og sensur for masteroppgavene JUS399 og JUS396.

Om klage og eventuell gjennomføring av ny munnleg prøve, sjå Masteroppgave ved det juridiske fakultet.

Særleg om gruppearbeid

Masteroppgåver levert som gruppearbeid blir sensurert under eitt til éin felles karakter.

Den munnlege prøven som hovudregel vare i ca. 60 minuttar, og sensorane skal sørge for at begge studentane blir eksaminert.

Karakter etter munnleg prøve skal bygge på ei samla vurdering av studentane sine munnlege prestasjonar (solidarsensur).

Sensurklage kan leverast individuelt. Eventuell endring av karakter gjeld berre for den som har klaga. Dersom berre éin av studentane har klaga, kan den andre studenten tre inn i klaga innan éi veke etter at første student leverte klage, sjølv om oppsett klagefrist er gått ut.

Språk og ordgrense

Masteroppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk.

Rettleiande ordgrense er 30 000 ord. Oppgåver over 37 500 ord blir ikkje sensurert. For oppgåver levert som gruppearbeid er rettleiande ordgrense 52 000 ord, og oppgåver over 65 000 ord blir ikkje sensurert.

Fot- og sluttnotar skal reknast med i ordgrensa. Framside, innhaldsoversyn, register og litteraturliste skal ikkje reknast med i ordgrensa. Masteroppgåva skal ikkje ha føreord og skal i utgangspunktet ikkje leverast med vedlegg. Vedlegg kan leverast dersom dette er nødvendig for å skildre bruk av kunstig intelligens eller dersom oppgåva bygger på kjelder som ikkje er allment tilgjengeleg. Slike vedlegg skal haldast utanfor ordgrensa. Oppgåver som blir avvist som følgje av at ordgrensa er overskriden, må omarbeidast og leverast eit seinare semester. Det blir ikkje gitt ekstra rettleiingstimar ved slik omarbeiding.

Innlevering av masteroppgåve

Masteroppgåva skal leverast elektronisk i Inspera. Innlevert oppgåve skal vere anonymisert, paginert og framsida skal opplyse om tittel på oppgåva, kandidatnummer og ordtal, inkludert fot- og sluttnotar.

For innlevering av oppgåva gjeld følgjande fristar:

Innlevering haust:

  • 10. november: studentane stadfestar innlevering av masteroppgåve
  • 10. desember: levering av oppgåve i Inspera

Innlevering vår:

  • 10. april: studentane stadfestar innlevering av masteroppgåve
  • 10. mai: levering av oppgåve i Inspera

Sjå også Masteroppgave ved det juridiske fakultet.

Karakterskala
Ved sensur av masteroppgåve blir det brukt karakterskalaen A til E for greidd og F for ikkje greidd.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Ikkje relevant for dette emnet.
Emneevaluering
I samsvar med retningslinjer for evaluering av emne ved Det juridiske fakultet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant for dette emnet.
Programansvarleg
Studieutvalet ved Det juridiske fakultet
Emneansvarleg
Førsteamanuensis Maria Vea Lund
Administrativt ansvarleg
Det juridiske fakultet, studieadministrasjonen