Kjemi grunnkurs

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi en innføring i korleis kjemi kan brukas til å beskrive stoffer og prosessar i naturen og korleis ein kan anvende denne kunnskapen i naturvitskapane. Emnet skal formidle forståing for kjemiske stoffers oppbygging og eigenskaper, og korleis stoff inngår i ulike kjemiske reaksjonar.

 

Emnet tar opp tema som: Kjemisk likevekt, tilstandslikningar, energi, entropi, eigenskapar til stoff i ulike tilstandar og i løysning, reaksjonshastighet, kjemisk binding, og eigenskaper til syrer og baser. Det inngår ein laboratoriedel som illustrerer deler av det teoretiske pensumet, og som gir øving i eksperimentelt arbeid og korleis ein skal rapportere dei oppnådde resultata.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om oppbygging av stoff
  • har grunnleggjande kunnskap om eigenskapar til stoff og reaksjonar disse inngår i
  • kan beskrive bindingsforhold i molekyler
  • kjenner til de viktigaste eigenskapane ved en kjemisk likevekt
  • kan gje ei beskriving av eigenskapar til syrer og baser.
  • kjenner til energiomdanning i kjemiske reaksjoner
  • har grunnleggjande kunnskap om hastighet til kjemiske reaksjonar
  • kan gje ein beskriving av ulike stoffers løyselighet.

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføre støkiometriske utrekningar.
  • kan bruka prinsippa for kjemiske likevekter til å finne likevekstkonstantar, likevektskonsentrasjonar m.m. for enkle reaksjonar.
  • kan utføre enkle termodynamiske utrekningar
  • kan gjennomføre forsøk i eit laboratorium etter ein skriftleg prosedyre

 

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår engelsk faglitteratur
  • kan rapportere skriftleg formål, utføring og resultat av eit laboratorieforsøk
  • kan kritisk vurdere resultata frå eit forsøk

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal plassar som inngår i undervisningsopptaket.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

K101: 7 studiepoeng

KJEM110: 7 studiepoeng

FARM110: 7 studiepoeng

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og teambasert læring.

 

Forelesningar: 4 timer pr veke i 15 veker

 

Labkurs: 6 timer pr veke i 4 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (4 labdagar) med journal og innleveringsoppgåver (gyldige i 5 påfølgande semester).

Godkjend HMS-kurs. Dette kan takast same semester i forkant av KJEM109 -undervisninga. Obligatorisk oppmøte på fyrste forelesing.

Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Mappeevaluering der karakteren er basert på to element:

1. Poeng frå individuelle testar og innleveringar undervegs i samband med gruppeundervisning (vekt 25%)

2. Ein skriftleg avsluttande skuleeksamen med fleirvalsoppgåver (4 timar, vekt 75%) som ein må bestå for å bestå emnet.

Studentar som består vurderingselement nr. 2 får ein bokstavkarakter basert på begge vurderingselementa, vekta slik som i lista ovanfor.

Utfyllande eksamensreglar:

1. Laboratoriekurset og innleveringsoppgåve er gyldige i 6 semester, inkludert undervisningssemesteret.

I semester med undervisning:

  • Studentar utan godkjend laboratoriekurs og/eller innleveringsoppgåver frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.
  • Studentar med godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåver frå tidlegare semester må avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå avsluttande eksamen utgjer heile karaktergrunnlaget.

I semester utan undervisning:

  • Studentar med godkjente obligatoriske arbeidskrav frå tidlegare semester kan avlegge eksamen.
  • Studentar utan godkjente obligatoriske arbeidskrav frå tidlegare semester kan ikkje avlegge eksamen.
Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

 

Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidligere emneevalueringar:

kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.