Kjemisk termodynamikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Kurset har som mål å gi grunnleggande kunnskap innan teoretisk og anvend termodynamikk utifrå eit kjemisk perspektiv.

Innhald:

Emnet inneheld ei grundig beskriving av termodynamikkens lover, samt utvalte emne innan reaksjonskinetikk. Emnet bygger vidare på termodynamiske og kinetiske grunnomgrep introdusert i KJEM110. Emnet omhandlar mellom anna kjemisk likevekt, faselikevekter, fasediagram (overgangar mellom gass, væske og faste stoff ), eigenskapar av væskeblandingar og løysingar av stoff i væsker. Kurset inneheld ein laboratoriedelen der nokre delar av det teoretiske pensumet vert illustrert. Laboratoriekurset gir også øving i berekning og vurdering av usikkerheit i kvalitative måledata.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere reie for termodynamiske lover, storleiker og funksjonar og deira praktiske tyding
  • utlede viktige termodynamiske samanhengar
  • utføre numeriske berekningar av termodynamiske storleiker
  • anvende termodynamiske prinsipp til å analysere praktiske problemstillingar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke Excel til å arbeide med og gi en grafisk framstilling av måleresultat
  • dokumentasjon av laboratorieforsøk

Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle og vurdere resultat frå kjemisk laboratorieforsøk
  • vurdere usikkerheita i kvantitative måledata

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet går vårsemesteret.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
K104: 10stp, K104A: 10stp, FARM210: 10stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, rekneøvingar og laboratorieundervisning

Førelesningar, 4 timar pr. veke i 12 veker

Rekneøvingar, 2 timar pr. veke i 10 veker

Laboratoriearbeid, 6 timer i uken i 2 uker samt 1 digital lab-øving i forkant.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk oppmøte på dei to første forelesingane.
  • Laboratoriekurs med rapport og lab.-førebuing.
  • Obligatoriske innleveringar av tilfredsstillande kvalitet må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.Obligatoriske innleveringar skal vere eige arbeid.
  • Grove bort på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.
  • Det er ikkje høve til å nytte meir enn 3 forsøk (semester) på å gjennomføre laboratoriekurset
  • obligatoriske aktivitetar er gyldig i 9 påfølgjande semester.
  • Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
  • Vurderingsformer
    Skriftleg eksamen (4t).
    Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er ordinær eksamen kvart semester.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering

    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

    Oversikt over tidlegare emneevalueringar:kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

    Hjelpemiddel til eksamen
    Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.