Overflate- og kolloidkjemi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- KJEM214
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Kurset har som mål å gi grunnleggande kunnskap i overflate- og kolloidkjemi utifrå eit fysikalsk-kjemisk perspektiv.
Innhald:
Emnet inneheld ei grundig beskriving av grenseflatefenomen der sentrale tema er overflatespenning, grenseflatespenning, adsorpsjon, kapillaritet, fukt, kontaktvinkel samt elektrostatiske eigenskapar til grenseflater. Kolloidale system vert grundig beskriven og mekanisme for kolloidal stabilitet samt vekselverknad mellom kolloidale partiklar blir gjennomgått. Vidare omhandlar kurset struktur og eigenskapar til sjølv-assosierande amfifile molekyler, kalla surfaktantar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- definere og forklare overflate- og grenseflatefenomen.
- definere og greia ut om ulike typer av kolloidale system.
- greie ut om vekselverknad mellom kolloidale partiklar og forklare kolloidal stabilitet og ustabilitet.
- greia ut om struktur og eigenskapar hos sjølv-assosierande system.
- utføre numeriske beregninger av fysikalsk-kjemiske storleiker.
Ferdigheiter
Studenten kan
- gi en grafisk framstilling av eksperimentelle måleresultat
- vurdere eksperimentelle data i forhold til relevant teori
- bruke relevant teori til å analysere praktiske problemstillingar
Generell kompetanse
Studenten kan
- reflektere over ulike løysingar for eit konkret problem.
- uttrykkje seg på ei faglig korrekt måte.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar og rekneøvingar
Totalt 4 timar pr. veke i 14 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31