Molekylær fysikalsk kjemi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje ei innføring i kvantemekanikk, m.a. for rørsler som translasjon, rotasjon og vibrasjon, som gir grunnlag for:

1) Atom- og molekyleigenskapar, kjemisk bindingslære samt intermolekylære krefter.

2) Innføring i viktige spektroskopiske metodar som UV/Vis, IR, MW og NMR.

Statistisk termodynamikk blir brukt til å visa korleis molekylære eigenskapar, frå enkle kvantemekaniske modellar og spektroskopiske data, kan forklara makroskopiske termodynamiske eigenskapar, i første rekkje for ideelle gassar og reaksjonar og jamvekter for desse.

Emnet har også med nokre enkle døme frå tema som adsorpsjon, overflatefenomen (og makromolekyl).

Fritt tilgjengeleg programvare vert nytta til visualisering og utrekningar på kurset.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om dei viktigaste kvantemekaniske prinsippa med eksempel frå enkle rørsletypar
  • har kunnskap om atom- og molekylstruktur, kjemiske bindingar samt intermolekylære krefter
  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp for eit utval av spektroskopiske metodar
  • har grunnleggjande kunnskap om korleis statistisk termodynamikk knyter saman molekylære eigenskapar med makroskopiske termodynamiske eigenskapar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjera enkle kvantemekaniske utrekningar på utvalde system
  • kan bruka spektroskopiske data til å finna informasjon om eigenskapane til små molekyl
  • kan gjera enkle statistisk-mekaniske utrekningar på samlingar av små molekyl i gassfase

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon

KJEM212: 5stp.

KJEM140: 10 SP

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar og kollokvium
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske oppgåver. Deltaking på minst seks kollokvier. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4t).
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillat, i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglar
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.