Grunnleggjande kvantemekanikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei systematisk innføring i grunnleggjande kvantemekanikk med utgangspunkt i nokre få aksiom. Dette skjer ved hjelp av ei rad løysbare modellsystem av stigande kompleksitet. Ein viser korleis desse systema kan skildrast ved hjelp av kvantemekanikk og korleis fenomen som ikkje har motstykke i klassisk mekanikk, oppstår. Den kvantemekaniske teorien for vinkelmoment blir presentert. Studentane lærer ulike matematiske teknikkar for å finne tilnærma løysingar for kvantemekaniske system. Mange molekyl er i større eller mindre grad symmetriske, og emnet viser korleis symmetrien kan utnyttast ved løysing av kvantemekaniske problem. Presentasjonen nyttar i stor grad omgrep henta frå lineær algebra.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til grunnleggjande storleikar i den kvantemekaniske teorien og korleis desse inngår i analyse av idealiserte måleprosessar.
  • er kjent med kvantemekaniske fenomen og løysinger av kvantemekaniske modellar for utvalde modellsystem.
  • beskrive elektroniske og spektroskopiske system ved hjelp av teorien for kvantemekaniske vinkelmoment.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • forklare ulike elektroniske prosessar ved hjelp av kvantemekaniske modellar
  • bruke matematiske teknikkar for å finne tilnærma løysingar av Schrödingerlikninga for kvantemekaniske modellar.
  • analysere molekylær symmetri og utnytte dette ved bestemming av orbitalar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • reflektere rundt matematisk modellering av molekylære system

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
PHYS201: 10stp, K221: 10 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og rekneøvingar.

Førelesing: 4t pr. veke i 14-15 veker.

Rekneøving: 2t pr veke i 13-14 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein må ha minst 6 av 13-14 rekneøvingar godkjent. Slik godkjenning krev personleg frammøte. Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 5 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer
  • Digital skriftleg eksamen (4 timar)
  • Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
    Emneevaluering

    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

    Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
    kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

    Hjelpemiddel til eksamen
    Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar og fem (5) A4-sider med studentane sine eigne notat.