Vidaregåande organisk kjemi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet omfattar organiske reaskjonar og mekanismer utover det som har blitt gjennomgått i KJEM130 eller tilsvarande kurs. Reaksjonane blir diskuterte og systematiserte ut frå eigenskapane til dei funksjonelle gruppene, med bindingstilhøve og konformasjonelle forhold som utgangspunkt. Det blir serleg lagt vekt på stereokjemiske aspekt ved reaksjonane. Vidare blir det diskutert korleis dei kjemiske reaksjonane kan nyttast til å lage organiske sambindingar med fleire funksjonelle grupper; dette blir illustrert med døme frå kjemisk og farmasøytisk industri. Det vil også bli gitt eit oversyn over viktige stoff som finst i naturen eller som blir brukte til ulike formål i samfunnet. Relevante miljøproblem knytt til grupper av organiske sambindingar vil også bli omtala.

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM231 skal studenten kunne:
  • gi korrekte namn til substituerte organiske sambindingar som inneheld fleire funksjonelle grupper og stereosentra
  • bruka relevant kjemisk terminologi på ein korrekt måte
  • nytta kunnskapar om elektronfordeling og bindingstilhøve til å forutseia korleis organiske sambindingar som høyrer til dei viktigaste stoffklassane, vil reagere
  • bruka kunnskapar om kjemisk reaktivitet til å utarbeida forslag til syntesar av meir kompliserte molekyl
  • drøfta korleis sambindingar med ein eller fleire sure C-H-einingar reagerer

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
KJEM110, KJEM130, KJEM131/KJEM124 eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
K231: 10stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing: 4 t per veke i omlag 13-14 veker

Oppgåveløysing: 2 t per veke i omlag 13-14 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Prosjektarbeid (1-3) med rapport og presentasjon. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i eitt påfølgjande semester. Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar: kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Hjelpemiddel til eksamen
Molekylbyggesett.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten å studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no
Administrativt ansvarleg
Matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.