Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MAPSYK332
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Dette emnet tek for seg eit vidt bruksretta felt innan sosial- og kognitiv psykologi: «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar». Dette fagfeltet har relevans for samfunnet sine utfordringar knytt til samfunnssikkerheit og beredskap, i situasjonar der liv, helse eller grunnleggjande verdiar er truga. Emnet har fokus på individuelle, teambaserte og kontekstuelle forhold som vil kunne påverke individ, samhandling og yteevne i situasjonar som går føre seg under risikofylte og komplekse føresetnader. Undervisninga vil ta utgangspunkt i problemstillingar knytt til sikkerheit, risiko og HMS i samfunnsområde som offshore, maritim næring, helsevesen og operative settingar som politi, militæret og beredskap.
Ein del tema frå tidlegare perspektivemner i psykologi vil bli tatt opp igjen, og det vil bli vist til ein del tema som også er relevant for andre fordjupingsemner og til sosial- og kognitiv vitskap generelt, som persepsjon og forståing, mentale modeller, gruppedynamikk og leiing.
Læringsutbyte
Kunnskap
Studenten:
- har inngåande kunnskap om dei kognitive, sosiale og organisatoriske faktorar som verkar på menneskeleg åtferd i kritiske situasjonar
- har inngåande kunnskap om kommunikasjon og samhandling i operative lag, medrekna situasjonsmedvit, delte mentale modellar og leiing av operative einingar
- har kunnskap om korleis aspekt ved menneskelege faktorar og kritiske hendingar verkar inn på seleksjon, trening, og oppfølging av personell etter hendingar
Ferdigheiter
Studenten:
- kan analysere faglege problemstillingar og forskingsspørsmål knytt til menneskelege faktorar i kritiske situasjonar
- kan analysere og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere fagleg baserte resonnement knytt til menneskelege faktorar i kritiske situasjonar
- kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor felta «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar», og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing knytt til desse fagområda
- kan analysere i kva grad eit planlagt eller eksisterande arbeidsmiljø, rolle eller situasjon tek omsyn til «menneskelege faktorar»
- kan analysere korleis «menneskelege faktorar» innan individuell yteevne, samarbeid eller leiing kan ha bidra til å forårsake ein observert uønskt hending
- kan reflektere over og drøfte kva for utfordringar ein leiar står overfor under planlegging, gjennomføring og avslutning av operative innsatsar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan fungere i ei arbeidsrolle knytt til «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar» på ein måte som kombinerer kjennskap med dette fagfeltet med kunnskap og kompetanse frå generell psykologi
- kan formidle frå eige sjølvstendig arbeid knytt til felta «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar»
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vil bli gjeven i form av førelesingar og seminar. Seminara vil gje utdjuping og diskusjon av anbefalt litteratur, og innføring og øving i ulike arbeidsmetodar.
Emnet vil innebere eit besøk hjå ei operativ eining, og erfaringane frå dette vil bli nytta i resten av undervisninga.