Matematikkdidaktikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MATDI300
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet gjev innsikt i teori og grunnlaget for fagfeltet matematikkdidaktikk
Innhald
Emnet tar opp tema som: Teori for utvikling av elevar sine matematiske omgrep, matematiske representasjonar og matematisk argumentasjon, kritisk matematisk demokratisk danning og sentrale aspekt ved læringsfremjande matematikkundervisning.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskaper
Studenten:
- kan gjere greie for teoriar som beskriv utvikling av matematiske omgrep og strukturen deira
- har avansert kunnskap om sentrale aspekt ved læringsfremjande matematikkundervisning
- har inngåande kunnskap om matematiske representasjonar, argumentasjon og bevis i matematikkundervisninga
- har brei kunnskap om matematisk demokratisk danning, inkludert modellering
Ferdigheiter
Studenten kan:
- på bakgrunn av teori og forsking planlegge og gjennomføre variert og tilpassa undervisning som understøtter elevane si matematikklæring
- gjennomføre faglege drøftingar av blant anna mål for, kvalitet av, utvikling av og utfordringar ved matematikkundervisninga
- planleggje undervisningsaktivtetar som vert støtta av digitale verktøy
- bruke matematikkfagdidaktisk teori til å analysere undervisning, elevars tenking, undervisningsopplegg, læreplanar, læreverk og hjelpemiddel (som digitale verktøy)
- eksemplifisere og bruke varierte undervisningsformer i matematikk
- eksemplifisere og bruke ulike representasjonsformer av matematiske omgrep og veksle mellom fagspråket og det naturlege språket for å kommunisere matematikkinnhald i undervisninga
Generell kompetanse
Studenten kan
- knytte matematikkdidaktisk teori saman med ulike former for undervisningspraksis
- gjennomføre kritiske refleksjonar over matematikklæraren si profesjonsutøving
- utvikla ein reflektert haldning til sin eiga rolle som lærar og korleis han kan vidareutvikle sine lærarkompetansar
- bruke matematikkdidaktisk teori og eiga erfaring til å analysere matematikkfagets rolle i skulen og samfunnet på en sjølvstendig måte
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
PEDA131, REALDI200 og LANGPRAKSIS1.
Emnet skal normalt takast parallelt med LANGPRAKSIS2
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gyldig inneverande og tre påfølgjande semester.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Skriftleg semesteroppgåve