Tredje semester medisinstudiet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 27
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MED3
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet MED3 gir studentane kunnskap om nevrobiologi, immunologi, blod, genetikk og evolusjon. Emnet inneheld også innføring i psykiatri og basal psykologi, i førebyggande medisin, etikk og kommunikasjon.
Integrert i emnet ligger ei innføring i akademisk lesing og skriving. Bibliotekskurs inngår i dette.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:
- oppbygginga og funksjonen til det sentrale og perifere nervesystemet inklusive det autonome nervesystemet, sanseorgana, dei motoriske systema og skjelettmuskelcellers struktur og funksjon
- den anatomiske oppbygginga av hovudet og halsen
- sentrale metodar for undersøking av struktur og funksjon til nervesystemet
- det immunologiske og bloddannande systemet inkludert hemostase, forlikelighet, koagulasjon og vanlege sjukdommar i dette systemet
- korleis immunapparatet beskyttar oss mot infeksjonar, om prinsipp for vaksinering, immunterapi og transplantasjon, og om immunpatologien ved allergiske, autoimmune, maligne og immunsviktsjukdomar
- arv og mekanismar for genetisk sjukdom, og dei vanlegaste genetiske sjukdomane
- prinsippa og nytten av medisinsk-genetisk laboratoriediagnostikk
- mekanismar for evolusjon og populasjonsgenetikk
- kva psykologiske, sosiale og kulturelle prosessar som utspiller seg i lege-pasient forholdet.
- kva for førebyggbare sjukdommar som dominerer globalt og nasjonalt og dei offentlege lover og forvaltningsorgan som regulerer det førebyggande helsearbeidet
- nokre etiske dilemma i møtet mellom pasient og lege, sentrale etiske problemstillingar i medisin, og aktuelle etiske spørsmål som er diskutert i den offentlege debatten
- lovpålagte krav til pasientmedverknad som gjeld i norsk helselovgiving
- korleis rolleforståing kan brukast positivt og helsefremjande i møte med pasientar og pårørande
- korleis rollen som leiar kan påverke pasientar og kollegaer
- grunnleggande litteratursøk og bibliotekbruk
- ha kunnskap om rettane til innvandrarar, minoritetsgrupper og urfolk som det samiske folk innanfor helse og omsorgsfeltet
Ferdigheter; etter fullført emne kan studenten:
- gjere greie for dei sentrale prinsippa bak evolusjon ved naturleg seleksjon
- forklare oppbygginga og funksjonane til nervesystemet for andre
- identifisere viktige anatomiske strukturar på anatomiske preparat (hjerne, hovud, hals)
- gi eksempel på korleis nervesystemet regulerer åtferd og kognisjon, og kva rolle delane av nervesystemet har i sansing, motorikk-kontroll, minne og læring, emosjonar og søvn
- gjere greie for strukturar og funksjonar som kan bli skadde ved sjukdom eller skade i einskilde regionar i CNS og hovud/hals-området; og kva symptom ein slik skade vil gi
- nokre grunnleggande teknikkar i undersøking av nervesystemet, øyre-nase-hals og auge i tråd med studieplanens liste over ferdigheiter.
- gjere greie for korleis immunapparatet fungerer normalt i kampen mot infeksjonar (under dette prinsippa for vaksine), og korleis feilfunksjon kan gje sjukdom
- gjere greie for immunologiske forhold ved avstøytings reaksjonar etter transplantasjonar
- kjenne att ulike kommunikasjonsformar i lege-pasient forholdet og anvende disse på ein hensiktsmessig måte.
- reflektere over kva former for legeåtferd som verkar fremjande og hemmande for pasientars helse
- reflektere over etiske utfordringar i møte med pasientar og pårørande, og i tverrfaglege møter
- på eit grunnleggande nivå søke opp relevant litteratur og vurdere kvalitet på primære vitskaplege publikasjonar innanfor nevrobiologiske problemstillingar.
- grunnleggande litteratursøk og bibliotekbruk.
- Anvende tolk på en profesjonell måte og vite når det er indisert
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten:
- resonnere frå utvalde sett av symptom og funn til moglege stader for sjukdom eller skade på nervesystemet.
- kunne diskutere betydinga av arv og miljø som risikofaktorar ved alle typar sjukdommar
- kunne identifisere og analysere etiske dilemma.
- gjennom praksis få ei forståing av samspelet mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta på den aktuelle arbeidsstaden, og korleis pasientforløpet er frå innlegging til utskriving.
- reflektere over eksempel på kommunikasjon mellom legen og pasienten, pårørande og/eller medarbeidarar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Fagleg overlapp
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til semestereksamen.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Alle kalkulatori samsvar med modell oppført I UiB sine reglar
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk
Programansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt
Institutt for biomedisin
I samarbeid med Klinisk institutt 1, Klinisk institutt 2, og Institutt for global helse og samfunnsmedisin