Eksperimentell molekylærbiologi I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet vil gje studentane teoretisk og praktisk introduksjon til grunnleggande metodar i molekylærbiologi. Det vil bli opplæring i bruk av molekylærbiologisk laboratorieutstyr og arbeid med biologiske løysningar. Tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid bli vektlagt og studentane vil få eit innblikk i forskinga ved instituttet.

Samstundes med dei praktiske aspekta vil det også verta lagt vekt på planlegging, presentasjon, kritisk evaluering, og analyse av resultata i form av en laboratorierapport eller muntleg fremføring.

Emnet har som mål å

  • gje ei innføring i grunnleggande molekylærbiologiske metodar
  • gjere deg i stand til å evaluere og kommunisere laboratorieresultater

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare prinsippa for basale metodar i eksperimentell molekylærbiologi
  • kan forklare eksperimentelle data
  • kjenner generelle sikkerheitsreglar for laboratoriearbeid i molekylærbiologi

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere bruk av basale metodar i eksperimentell molekylærbiologi
  • kan bruke ordinære internett-baserte databasar for nukleinsyre analyser
  • kan planlegge eksperimentelt arbeid basert på ein protokoll
  • kan kritisk evaluere og diskutere eksperimentelle resultat
  • kan følgje generelle sikkerhetsrutinar i laboratoriet
  • kan skrive labjournal
  • kan anvende kritisk og korrekt kjeldebruk

Generell kompetanse

Studenten

  • utarbeider og nytter protokollar for basalt eksperimentelt arbeid i molekylærbiologi
  • forklarar, evaluerer kritisk og diskuterer eksperimentelle resultat frå basalt eksperimentelt arbeid i molekylærbiologi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Eit av emna KJEM100 eller KJEM110
Studiepoengsreduksjon
MOL221: 10 studiepoeng
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava. Studentar med studierett på bachelorprogrammet i molekylærbiologi har fortrinnsrett til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og laboratoriekurs
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Forelesningar og laboratoriearbeid m/rapport og lab.-førebuing. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen 3 timer
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista skal være klar 1. juli for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Hjelpemiddel: Enkel kalkulator tillat, i samsvar med fakultetets regler.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.