Genstruktur, - funksjon og applikasjonar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ein detaljert forståing av molekylære strukturar, funksjonar og applikasjoner av det genetiske materiale i prokaryote og eukaryote celler. Innføring i bioetikk.

Innhald:

Dette emnet omhandlar struktur av DNA, RNA, kromatin og genome, og korleis vedlikehald av genom gjennom replikasjon, så vel som korleis uttrykk av genom gjennom kromatin modifiseringar, genregulering, transkripsjon, RNA spleising og translasjon skjer. Genteknologiske metodar og applikasjoner av genetiske analyser vil blir gjennomgått. Bioetikk vil be diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare DNA struktur og topologi, RNA struktur, kromatinorganisering og -modifisering med vekt på funksjon i regulering av gener
  • kan forklare detaljert om replikasjon, transkripsjon og translasjon
  • kan forklare detaljert om molekylære mekanismar i genregulering på alle nivå
  • kan samanlikne molekylære mekanismar i genregulering i pro- og eukaryote organismar
  • kan oppdatere sin kunnskap innan molekylærbiologi
  • Kan forklare  ulike bruk av genteknikker, genetiske analyser og bioteknologi  
  • kan forklare grunnprinsipper i immunologi og vaksinologi
  • kan reflektere over etiske problemstillinger knyttet til bruk av molekylærbiologisk forskning og applikasjoner

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar å formidle om DNA og RNA struktur og funksjon
  • meistrar å samanlikne molekylære mekanismer i genregulering for å vise likskapar og skilnadar mellom prokaryote og eukaryote organismar
  • ha kunnskap om genetisk engineering og bioteknologi
  • kan redegjere for grunnprinsippar innen immunologi of vaksinologi
  • redegjere for etiske problemstillinger ved bruk av genteknologi og applikasjoner  

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan formidle gen-struktur, funksjon, regulering og applikasjoner
  • Kan reflektere over etiske problemstillinger ved bruk av genteknologi

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
MOL102 (MOL221)
Studiepoengsreduksjon
MOL203; 10 sp
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar and kollokvier.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske kollovier.

Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgende semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før en kan ta eksamen.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk.

Vurderingsformer
Slutteksamen (4 timer)
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlisten skal være klar 1. juli for høstsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Gyri Teien Haugland
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.