Praktisk biokjemi og molekylærbiologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MOL300
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål og innhald
Hovudmålet er for å gje studentane direkte erfaringar i modernemetodar i biokjemi og molekylærbiologi. Emnet inneheld oppgåver innan spektrofotometri, enzymkinetikk, forskjellige separasjonsteknikkar og analyse av biologiske makromolekyl, modernemetodar i genteknologi (kloning, protein uttrykk, PCR og sette-retta mutagenese), immunologiske påvisingsteknikkar (qPCR), celledyrking og protein interaksjon.
Journalføring, rapport skriving og mini-symposia skal gje studentane kunnskap og erfaringar i data samling og analyse. Dette er naudsynt for å at studentane skal forstå dei teoretiske opplysingane bak praktiske øvingar, og grundig diskusjon blir integrert del av kurset.
Det blir også lagt vekt på tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten
- Kan forklare teoriane bak både basale og nokre avanserte metodar i biokjemi og molekylærbiologi
- Kan forklare fordelar og ulemper med dei viktigaste metodane i biokjemi og molekylærbiologi
- Kan arbeide med DNA, RNA og protein
- Kjenner relevante reglar for tryggleik i laboratoriet både for personale og miljø
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte eit breitt utval av både basale og nokre avanserte metodar i biokjemi og molekylærbiologi (medrekna kromatografi, elektroforese, spektroskopi, enzymkinetikk, molekylær kloning, cellekulturar og mikroskopi)
- Kan undersøke, evaluere, tolke og kommunisere data frå biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment
- Kan føre ein detaljert og nøyaktig laboratoriejournal
Generell kompetanse
Studenten
- Kan gjere eksperimentelt arbeid knytt til biokjemi og molekylærbiologi utan detaljert instruksjon og rettleiing
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Masterstudenter i molekylærbiologi er prioritert. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Førelesingar, førebuingar til og deltaking på laboratoriekurs m/journal og rapportskriving. Alle aktiviteter i kurset, inkludert det første orienteringsmøtet, er obligatorisk å delta på. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i to semester (undervisningssemesteret od det påfølgande semestret).
All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.
Vurderingsformer
Mappevurdering (30%) og skriftleg eksamen 6 timar (70%). Mappe består av skriftlege laboratorierapportar for laboratorieprosjekta. Alle vurderingene må vera fullførde for å få karakter i emnet.
For semester utan undervisning kan kandidaten avlegje skrifteleg eksamen dersom han har gyldig mappevurdering. Resultatet av mappevurderinga (30%) og skrifteleg eksamen (70%) utgjer karaktergrunnlaget.