Innføring i nanoteknologi og -instrumentering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NANO161
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet omhandlar fysiske og kjemiske føresetnader for nanoteknologi, med vekt på samanhengar mellom atomære vekselverknader og strukturen til ulike typar nanoaggregat. Ulike karakteriseringsmetodar blir gjennomgått: Grunnleggjande røntgendiffraksjon, bølgjebasert mikroskopi (optisk og elektron), sveipmikroskopi (sveiptunnell- og atomkraftmikroskopi), og spektroskopi. Topp-ned metodar for framstilling av nanostrukturar blir gjennomgått. Emnet gir også perspektiv på den framtidige utviklinga av feltet.
I tillegg til førelesningar og rekneøvingar inngår det 4 eksperimentelle øvingar med tilhøyrande laboratorierapporter. Kurset består av førelesningar, eksperimentelle øvingar og rekneøvingar. Dei eksperimentelle øvingane blir utført i grupper, men rapportane skal utformast og blir vurdert individuelt.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- Diskutere det vitskaplige grunnlaget for nanoteknologi.
- Relaterte eit materiale sin struktur på nm-nivå til eigenskapane som det har.
- Skildre topp-ned metodar for framstilling av nanostrukturar.
- Identifisere og skildre dei fysiske prinsippa bak og praktiske sider ved utvalte teknikkar for karakterisering av nanostrukturerte material.
- Føreslå val av karakteriseringsteknikk ut fra eigenskapane til materialet samt krav til oppløysing, forstørring og kjemisk spesiering.
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på laboratorieøvingar samt godkjente laboratorierapportar for kvar laboratoriedel (3 av 3).
Laboratorierapporter skal være godkjent minst 2 veker før eksamen.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i (3) påfølgande semester etter godkjenninga.
Karakterskala
Vurderingssemester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31