Masteroppgåve i nanovitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til masterprogram i nanovitskap ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav
Vurderingsformer

Etter at masteroppgåva er levert og godkjend, vert studiet avslutta med ein munnleg mastergradseksamen. Denne eksamen består av ein offentleg presentasjon på rundt 30 minutt der studenten sjølv gjev ein oversikt over oppgåva. Sensor og rettleiar skal vere til stades ved den offentlege presentasjonen. Deretter følgjer ein munnleg eksaminasjon/samtale med sensor og rettleiar om oppgåva.

Før presentasjonen skal det vere sett ein karakter på oppgåva. Presentasjonen kan saman med den påfølgjande munnlege eksaminasjonen/samtalen vere justerande på den endelige karakteren på oppgåva. Det er den endelige karakteren som vert gjort kjend for kandidaten og som kjem fram på karakterutskrifta.

Fristar: Oppgåver på 60 sp leverast seinast éin månad før slutten av det 4. semesteret. Korte oppgåver på 30 sp får ein tidsfrist og skal gjennomførast i løpet av eitt semester.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.