Innføring i medisinsk ernæringsbehandling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tar for seg ernæringsbehandling av overvekt og diabetes hos born og vaksne. Risikovurdering av underernæring og grunnleggjande ernæringsbehandling av tilstanden er og eit sentralt tema. Relevante kliniske problemstillingar som rus og psykiatri, samt geriatri vil bli gjennomgått. Det vil bli gitt grundig opplæring i ernæringsbehandling som blir gitt i den kommunale helse- og omsorgstenesta inkludert energi- og næringstett kost, beriking og næringsdrikkar.  Emnet vil ta for seg grunnleggjande tema innan ernæringsarbeid som tverrfagleg samhandling, etikk, kommunikasjon med brukarar og medstudent, pårørande og anna helsepersonell.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap: Studentane..

  • Har brei kunnskap om årsak, førekomst og konsekvensar av underernæring, overvekt, og fedme i born, vaksne og eldre
  • Har brei kunnskap om årsak, førekomst og konsekvensar av diabetes mellitus hos born og vaksne, inkludert svangerskapsdiabetes
  • Har brei kunnskap om standardkost, energi- og næringstett kost, beriking, næringsdrikkar, kost på helseinstitusjonar og i helse- og omsorgstenesta
  • Har grunnleggjande kunnskap om primærhelsetenesta og kliniske ernæringsfysiologars ansvarsområde og arbeidsmetodar
  • Har kunnskap om metodar for dokumentasjon, krav til konfidensialitet i alle praksisfelt og juridiske og etiske aspekt ved journalføring
  • Har kunnskap om rus og sosioøkonomiske problem og kunne identifisera og følgja opp menneske med slike utfordringar.

 

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan analysera og forholda seg kritisk til relevante verktøy for vurdering av risiko for underernæring
  • Kan analysera og forholda seg kritisk til metodar for ernæringskartlegging, inkludert kost, næringsinntak og antropometri
  • kan gje tilpassa og målretta ernæringsbehandling av fedme og diabetes mellitus i born, vaksne og eldre
  • kan gje tilpassa og målretta grunnlegglande ernæringsbehandling av underernæring hos vaksne og eldre
  • kan beherske grunnleggjande konsultasjonsteknikkar og kostrettleiing i møte med brukarar og pasientar
  • kan anvenda fagleg kunnskap og bidra i tverrfagleg behandling innan rus og psykisk helse

 

Generell kompetanse: Studentane..

  • kan anvenda sine kunnskapar og ferdigheiter til å gje kostråd til born og vaksne med fedme, diabetes mellitus og underernæring
  • kan anvenda sine kunnskapar og ferdigheter i relasjons-, kommunikasjons- og veiledningskompetanse til å forstå og samhandla med brukarar, pasientarr og pårørande

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Fullført og bestått de fem første semestra på bachelor i ernæring
Studiepoengsreduksjon
Emnet erstattar tidlegare emner NUTR246 og NUTR247.
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogram i ernæring
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, kasuistikkar, kommunikasjonstrening og gruppeoppgåver
Obligatorisk undervisningsaktivitet
100% oppmøte på obligatorisk kurs i pasientkommunikasjon og medstudentrettleiing. 
Vurderingsformer
30 min munnleg eksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervising med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisingsopplegg.
Programansvarleg
Programutvalg for ernæring
Administrativt ansvarleg
Klinisk institutt 1