Klinisk praksis i primærhelsetenesta

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal ha 4 vekers samanhengande praksis i primærhelsetenesta, der praksisarenaene er Frisklivssentralar, heimeteneste, sjukeheimar eller liknande. I denne praksisperioden, skal studentane ha sin første pasient/brukarkontakt og skal begynne å mestre kommunikasjon mellom behandlar og pasient/brukar.

Studenten skal ta del i ernæringsarbeidet ved praksisarenaen og ta del i den daglege drifta, som pasientsamtalar, tverrfaglege møter og undervisning. Studenten skal trene seg på tverrfagleg samarbeid med anna helsepersonell, kommunikasjon med brukarar, gje enkle kostråd under rettleiing av klinisk ernæringsfysiolog ved praksisstad/utdanningsinstitusjonen, risikovurdera for underernæring og utarbeida informasjonsmateriell. Studentane skal og observera kvarandre i samband med opptak av kostanamnese og gje tilbakemelding til sin medstudent (medstudentrettleiing) ved hjelp av validert vurderingsverktøy.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan analysera og forholda seg kritisk til relevante verktøy for vurdering av risiko for underernæring
  • Kan analysera og forholda seg kritisk til metodar for ernæringskartlegging, inkludert kost, næringsinntak og antropometri
  • kan gje tilpassa og målretta ernæringsbehandling av fedme og diabetes mellitus i born, vaksne og eldre
  • kan gje tilpassa og målretta grunnleggjande ernæringsbehandling av underernæring hos vaksne og eldre
  • kan beherske grunnleggjande konsultasjonsteknikkar og kostrettleiing i møte med brukarar og pasientar
  • kan anvenda fagleg kunnskap og bidra i tverrfaglig behandling innan rus og psykisk helse

 

Generell kompetanse: Studentane..

  • kan anvenda sine kunnskapar og ferdigheiter til å gje kostråd til born og vaksne med fedme, diabetes mellitus og underernæring
  • kan anvenda sine kunnskapar og ferdigheter i relasjons-, kommunikasjons- og veiledningskompetanse til å forstå og samhandla med brukarar, pasientar og pårørande

Studiepoeng, omfang

6 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Fullført og bestått de fem første semestra av bachelor i ernæring og bestått NUTR248 Innføring i medisinsk ernæringsbehandling.
Studiepoengsreduksjon
Emnet erstattar praksis som del av det tidlegare emnet NUTR246
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogram i ernæring
Arbeids- og undervisningsformer

Praksis i primærhelsetenesta

Medstudentrettleiing

Gruppebasert rettleiing og kasuistikkgjennomgang

Obligatorisk undervisningsaktivitet

4 veker praksis i primærhelsetenesta

Delta på gruppebasert rettleiing og kasuistikkgjennomgang to gongar undervegs i praksisperioden

Fullføre arbeidskrav (se Mitt UiB)

Innlevering av refleksjonsnotat etter avslutta praksis

Vurderingsformer

Godkjent 4-vekers klinisk praksis

Vurderingskriterier «godkjent/ikkje godkjent» i høve til reglement ved Det Medisinske fakultet:

Regler for gjennomføring og vurdering av praksisperioder | Det medisinske fakultet | UiB

Reiser det tvil om studenten vil oppnå godkjent praksis, skal det arrangerast eit møte, der både praksisrettleiar/universitetets representant og studenten deltar. Det skal skrivast ei oppsummering som alle møtedeltakarane signerer. Det skal påpekast kva krav som evt. må oppfyllast for å kunne oppnå vurderinga «Godkjent».

Frist for å gje studenten skriftleg melding om at vedkommande står i fare for å ikkje å oppnå godkjent praksis er minimum ei veke før praksisperioden avsluttast.

Dersom praksisperioden er vurdert til "Ikkje godkjent"/"Ikkje bestått", må heile praksisperioden bli gjennomførd på nytt. Får ein student vurdert same praksisperiode til "Ikkje godkjent/Ikkje bestått" to gonger, vert studieretten inndregen, jf. Det medisinske fakultet sitt utfyllande reglement til UiB sin forskrift §8-1 (3)

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått 
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Ingen
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervising med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisingsopplegg.
Programansvarleg
Programutval for ernæring
Administrativt ansvarleg
Klinisk institutt 1