Elektromagnetisme I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane ei brei innføring i grunnleggjande lover og samanhengar innan elektrisitetslære, elektromagnetisme, elektronikk og lyslære.

Innhald:

Emnet gir ei innføring i elektromagnetisme med spesiell vekt på fylgjande tema: Elektriske felt og elektriske straumar, magnetfelt og induksjon, grunnleggjande elektriske kretsar, Maxwell sine likningar og elektromagnetiske bølgjer.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har fått kunnskapar om

  • sentrale tema innan teorien bak elektromagnetisme
  • elektriske felt og elektriske straumar, magnetfelt og induksjon, grunnleggjande elektriske kretsar, Maxwell sine likningar og elektromagnetiske bølgjer
  • elektromagnetiske fenomen samt koplinga til lys

Ferdigheiter

Ved fullført emne PHYS112 skal studenten kunne

  • forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan elektrisitetslære og elektromagnetisme
  • bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse oppgåver innan elektrisitetslære og elektromagnetisme
  • teikne skisser som systematiserer problemstillinga i slike oppgåver

Generell kompetanse

Studenten har fått

  • grunnleggjande kunnskapar i elektromagnetisme
  • kunnskapar av nytteverdi for andre fagområde innan naturvitskap generelt og fysikk spesielt
  • trening i å arbeide systematisk og analysere komplekse problem

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAT212 som kan lesast parallelt.
Studiepoengsreduksjon
PHYS102: 5 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatorisk aktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4 timer)
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Godkjent kalkulator. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjent i fakultets eksamensreglement.