Mekanikk 2 og termodynamikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje ei brei forståing av klassisk mekanikk, gravitasjon og grunnleggjande termodynamikk.

Innhald:

Emnet tek for seg klassisk mekanikk og grunnleggjande termodynamikk: svingingar, mekaniske bølgjer, gravitasjon, grunnleggjande celestmekanikk, Lagrange-Hamilton formalisme, termodynamiske prosessar og variablar, hovudsetningane i termodynamikken og varmetransport. Emnet dannar grunnlag for vidare studium i mellom anna fysikk, geofysikk, og industrielle prosessar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om

  • harmonisk rørsle, elastisitet, bølgjer, lyd og interferens
  • grunnleggjande dynamikk i gravitasjonsfelt
  • Lagrange-Hamilton formulering av mekanikken
  • Temperatur og varme, aggregattilstandar og faseovergangar, tilstandslikningar og variablar, arbeid, indre energi, entropi og termodynamikkens lover

Ferdigheiter

Studenten kan løysa problem som inneheld

  • ideelle fjører, harmonisk rørsle, lydfart i gassar, væsker og faste stoff, Doppler-effekt, interferens og ståande bølgjer
  • Keplers lover, energi og prinsippet om konservering av spinn anvendt på gravitasjon
  • Lagrange-Hamilton formalismen anvend på få-lekam mekaniske system
  • termisk ekspansjon, varmeleiing, ideellgassloven, kinetisk gassteori, termodynamikkens lover og Carnot sitt prinsipp

Generell kompetanse

Studenten har ved fullført kurs oppnådd

  • auka evne til refleksjon og innsikt i korleis fysikk knyttar saman årsak og verknad for enkle prosessar i naturen.
  • auka forståing for korleis grunnleggjande konsept og metodar ligg til grunn for meir avanserte prosessar.
  • auka evne til å gjenkjenne grunnleggjande konsept i fysikken og korleis dei spelar ei rolle i dagleglivet
  • trening i å analysere komplekse problem ved å forenkle og dele dei opp i mindre oppgåver.
  • har erfaring med programmeringi fysikk ved numersike metoder, dataanalyse og visualisering.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
PHYS101: 5 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
innleveringer, kunnskapstester og forelesinger
Obligatorisk undervisningsaktivitet

3 Obligatorisk innleveringer som må være godkjent.I tillegg, er det obligatorisk å delta på tre kunnskapstestar som blir organisert i samband med undervisninga. To av testane gjennomføres digitalt. den tredje testen gjennomføres fysisk. For å kunne gå opp til eksamen må studenten score mistn 50% på den fysiske testen.

Gyldigheten av dei obligatoriske arbeidskrava er 2 semester, inkludert semesteret innleveringene og testene utføres. All obligatorisk aktivitet i emnet må være godkjent for å få kunne gå opp til eksamen. Ikke-godkjent obligatorisk aktivitet gir rett til nytt forsøk, men først når kapasitetshensyn muliggjør det. Ved begrenset kapasitet skal studenter som har hatt gyldig fravær fra aktiviteten prioriteres foran studenter som ikke har hatt gyldig fravær.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg skuleeksamen (4 timar)
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling, godkjent kalkulator og prinsippstrukturark som brukes i undervisning. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjent i fakultets eksamensreglement.
Programansvarleg
Programstyret i Fysikk
Administrativt ansvarleg
Institutt for Fysikk og Teknologi