Atmosfærisk og marin optikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Gje avanserte kunnskapar og ferdigheiter i atmosfærisk og marin optikk.

Innhald:

Kurset inneheld tema som emisjon, absorpsjon, spreiing og transport av elektromagnetisk stråling i atmosfæren og havet. Desse optiske prosessane blir studert for frekvensar som spenner frå det infraraude, gjennom det synlege, og inn i det ultrafiolette spekteret. Vidare tar kurset opp fysikk knytt til temaene stråling frå ein svart lekam; strålingsevne; koherent og inkoherent stråling; interferens; irradians og radians; multippel spreiing; strålingstransport med multistraumteori og Monte Carlo-metodar; polarisasjon; og optiske fenomen som kan bli observert i naturen. Det blir fokusert på å gje fysiske fundamentale forklaringar akkompagnert med bruk i meteorologi, klimatologi, solenergi, havfarge-radiometri og marin primærproduksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskapar i atmosfærisk og marin optikk på mastergradsnivå

Ferdigheiter

Studenten kan

  • forklare fundamentale prinsipp bak emisjon, absorpsjon, spreiing og transport av stråling i atmosfæren og havet
  • utvikle metodar som løyser strålingstransportlikninga for så å finne solenergi, fjernmålingssignal og biologisk aktiv stråling
  • vurdere effekten av ulike drivhusgassar og overflaterefleksjonar på atmosfæretemperaturen
  • forklare fysikken bak vanlege optiske fenomen i atmosfæren og havet, for eksempel luftspeglingar, grønt glimt, raud solnedgang, den blå timen, og den blå og grøne fargen på hav og isfjell

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
PHYS112 eller tilsvarande kunnskap i elektromagnetisme
Tilrådde forkunnskapar
PHYS112 eller tilsvarande basiskunnskapar i elektromagnetisme
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • skriftleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvalitetet på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.