Akustikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje generell innføring i fundamental prinsipp innan akustikk/ultralyd, med vekt på fysiske mekanismer, lover og samanhengar. Emnet skal formidle forståing for sentrale grunnleggande metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske applikasjonar av akustikk og ultralyd.

Innhald:

Emnet gir innføring i grunnleggande metodar i akustikk som ein viktig basis for og teknologiske industrielle applikasjonar og grunnleggande forsking innan akustikk og ultralyd. Emnet omhandlar vibrerande lekamar; ståande bølgjer i strengar, membranar og stavar; forplantning av lydbølgjer; lydkjelder og lydfelt; transmisjon og refleksjon; lydabsorpsjon; akustiske resonatorar og bølgjeleiarar; høyrsle; romakustikk; akustiske transdusarar; og undervannsakustikk. Emnet gir ei generell innføring i akustikk/ultralyd, med vektlegging på fysiske prinsipp. Det dannar grunnlag for vidaregåande studium i eksperimentell og teoretisk akustikk/ultralyd, innan ei rekke ulike bruksområde (eksempelvis marin akustikk, medisinsk ultralyd, petroleumsakustikk, piezoelektriske transdusarar, audioakustikk, osv.) . Emnet kan vere av interesse for studentar i tilgrensande fag, som optikk og industriell instrumentering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved fullført emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan akustikk,
  • gjere greie for grunnleggjande fysiske prinsipp bak generering og forplantning av akustiske bølgjer i gass og væske.

Ferdigheiter:

  • bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse relativt enkle problem innan akustikk.

Generell kompetanse:

  • Studenten har innsikt i fundamentale prinsipp innan akustikk/ultralyd, med vekt på fysiske mekanismer, lover og samanhengar, og forståing for sentrale grunnleggande metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske applikasjonar av akustikk og ultralyd.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
PHYS111 eller tilsvarande kunnskap i mekanikk
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, samt at du oppfyller evt. opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, Rekneøvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Utgjer 100 % av karakteren.
Karakterskala
Karakterskalaen som blir brukt ved eksamen er A til F. Karakter A er den beste karakter, og karakter F er stryk.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for undervisning i vårsemesteret, og blir publisert på MittUiB, under «Filer».
Emneevaluering
Studentane skal evaluere emnet i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret i Fysikk
Emneansvarleg
Per Lunde, professor
Administrativt ansvarleg
Institutt for Fysikk og Teknologi