Design av komplekse elektroniske system

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om datamaskinassisterte metodar for utvikling og produksjon av komplekse elektroniske system. Med utgangspunkt i dei einskilde fasane av konstruksjonsarbeidet behandlast metodar for beskriving av designet, modellering, simulering, produksjon, testing og dokumentasjon av elektronikken.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har god oversikt over metodar for beskriving av komplekse design, modellering, simulering, produksjon, testing og dokumentasjon av elektronikk
  • kjenner godt til prinsippa for design av klokkenettverk, strømdistribusjon, IO-krinsar og pakketeknologi som er relevant for komplekse elektroniske system
  • kan designe adderere, multiplikatorar, minner til bruk i integrerte krinsar.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • beskrive, simulere og syntetisere digitale krinsar på forskjellige abstraksjonsnivå ved hjelp av VHDL.
  • designe, simulere og optimalisere statisk og dynamisk minnestrukturer
  • designe, simulere og optimalisere adderere og multiplikatorar
  • gjere utlegg for integrerte krinsar
  • teste elektronikk ved hjelp av «boundary-scan» (JTAG)

Generell kompetanse

Studenten får

  • øving i presentasjon av nytt stoff for medstudentar
  • øving i å sette seg inn i nye problemstillingar på kort tid (24 timers oppgåve)
  • opplæring i moderne data-assisterte metodar for elektronikk-konstruksjon og testing der mikroelektronikklaboratoriet blir nytta.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Studentane gjev sjølve forelesningar i pensum etter avtale med den som er fagansvarleg.
  • Det vert gitt laboratorieoppgåver innan krinsdesign, simulering og testing. Studentane leverer rapportar på mitt.uib.no.
  • Vi gir 3-4 «1-døgns-oppgaver» i løpet av semesteret. Dei skal leverast på mitt.uib.no. Deretter skal dei leggast fram for medstudentane.
  • Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig tre påfølgande semester etter godkjenninga.

    Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

    • Muntleg eksamen (ca 40 minutter) utgjer 100 % av karakteren.
    Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er ordinær eksamen kvart semester
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.