Profesjonsførebuande I Psykisk helse, behandling og fagetikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PRPSYK301A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i kjenneteikn ved god psykisk helse og sentrale psykiske lidingar, og i arbeidsområde og arbeidsmåtar innan klinisk psykologi. Emnet introduserer etiske problemstillingar og gir ei innføring i gjeldande forskrifter som regulerer psykologar si yrkesutøving og verksemd i samfunnet.
Prinsippa for profesjonell etikk i klientretta verksemd og forsking blir gjennomgått og eksemplifisert. Det blir lagt vekt på bevisstheit om fagetiske dilemma knytte til psykologars yrkesutøving og korleis gjeldande psykologetikk kan brukast til å handtere slike dilemma. Studentane vil også få ei innføring i grunnleggande modellar for psykopatologi og betring, sentrale kliniske tilstandsbilete og sentrale modellar for psykologisk behandling.
Undervisninga gir grunnlag for undervisning om psykisk helse og uhelse innan dei andre psykologiske basaldisiplinane, samt tema innanfor klinisk nevropsykologi, pedagogisk-psykologisk rådgiving, og diagnostikk og psykologisk behandling.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne kan studenten ...
- gjengi og diskutere profesjonsetikk i klientretta verksemd
- gjengi og diskutere forskingsetikk i psykologisk forsking, herunder lovgiving, regelverk, prinsipp og rutinar for forsvarleg forsking og formidling
- gjengi og forklare sentrale modellar og perspektiv på psykisk helse og psykopatologi, normalitet og avvik
- gjere greie for sentrale kliniske tilstandsbilete - både lettare, moderate og alvorlege psykiske lidingar, inkludert samsjukelegdom (komorbiditet), traumereaksjonar, suicidalitet, rus og avhengnad
- gjere greie for ulike evidensbaserte behandlingsteoriar og modellar for å forstå psykiske lidingar og for psykologisk behandling: kognitiv åtferdsterapi, dynamisk og humanistisk/emosjonsfokusert terapi
- gjere greie for fellesfaktorar, spesifikke faktorar og personfaktorar i psykoterapeutisk endringsarbeid
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten ...
- ta stilling til fagetiske dilemma ut frå prinsipp for profesjonsetikk i klientretta verksemd og forsking
- drøfte sentrale modellar for psykisk helse, psykopatologi og psykologisk behandling i forhold til kvarandre
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten ...
- reflektere over etiske implikasjonar ved klientretta arbeid og psykologisk forsking
- reflektere over bruk av ulike psykologiske modellar og tilpassing av psykologiske modellar til kvar einskild person eller brukargruppe
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd