Kognitiv- og utviklingspsykologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PSYK121
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologiens kognitive og utviklingspsykologiske fundament. Emnet tek sikte mot å gje eit grunnlag til forståing av åtferd hos menneske og dyr med fokus på desse to fundamenta.
Kognitiv psykologi skal gje studenten ei generell innføring i teoriar om, perspektiv på, og metodar til å studere kognisjon. Studiet skal gje ein gjennomgang av sentrale funn og ein diskusjon av nokre viktige applikasjonar av kognitiv psykologi.
Utviklingspsykologi skal gje studenten ei vidare innføring i perspektiv, metodar og teoriar innan utviklingspsykologi. Det vert ein gjennomgang av sentrale teoriar og funn, samt ein diskusjon av viktige utfordringar i denne disiplinen.
Læringsutbyte
Kognitiv psykologi
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Gjere greie for sentrale aspekt ved menneskleg persepsjon
- Gjere greie for sentrale teoriar om oppmerksemd, og karakteristika ved delt og selektiv oppmerksemd
- Gjere greie for teori om arbeidshukommelsens oppbygning og funksjon
- Gjere greie for teoriar om langtidsminnets oppbygning og funksjon
- Kjenne til ulike minnestrategiar
- Gjere greie for karakteristika ved mentale bilete og kognitive kart
- Gjere greie for omgrepa "skjema" og "skript" sine roller i kognitiv psykologi
- Gjere greie for problemløsning, inkludert ulike problemløsningsstrategiar
- Gjere greie for sentrale kjenneteikn ved menneskets resonnering og avgjerdstaking
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Demonstrere nokre sentrale eksperimentelle oppsett for å studere ulike delar av kognitiv psykologi
- Diskutere nokre gjennomgåande tendensar i menneskeleg tenkning
- Forklare korleis elementar frå kognitiv psykologi, som til dømes hugs, oppmerksemd og persepsjon, fungerer i samspel med kvarandre
- Anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å planlegge effektiv studieteknikk
- Drøfte den historiske utviklinga av kunnskap innanfor dei ulike områda i kognitiv psykologi
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Ha opparbeidd ein grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjør kognisjon, og anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å forklare fenomen som involverer menneskeleg tenkning ¿
Utviklingspsykologi
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Gjere greie for utviklingspsykologien sine historiske røter
- Gjere greie for omgrepet utvikling og korleis utvikling kan påverkast av genetiske og miljømessige faktorar
- Gjere greie for sentrale perspektiv innan fagfeltet, som til dømes læringspsykologi, evolusjonspsykologi, økologisk systemteori og psykodynamiske perspektiv.
- Gjere greie for sentrale temaområde innan fagfeltet, som til dømes tilknytning, kognitiv utvikling, intelligens, temperament, teorien om sinnet, moralutvikling, språkutvikling og sosial utvikling.
- Gjere greie for sentrale teoretikarar innan fagfeltet, som til dømes Piaget, Vygotsky, Bowlby, Ainsworth, Chomsky, Rothbart, Skinner og Bandura.
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Demonstrere nokre sentrale eksperimentelle oppsett for å studera ulike perspektiv på utviklingspsykologi
- Drøfte nokre sentrale tema knytt til mennesket si utvikling, som til dømes arv/miljø og kontinuitet/diskontinuitet
- Diskutere korleis sentrale teoretikarar innan fagfeltet har ulike syn på utvikling
- Forklare korleis utvikling på ulike område, som til dømes sosial, språklig og kognitiv, er relatert til og fungerer i samspel med kvarandre
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Ha opparbeidd ein grunnleggjande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjer fagfeltet utviklingspsykologi, og kunne anvende kunnskap frå fagfeltet til å forklare trekk psykologisk utvikling, særleg hos barn og unge.
Studenten skal sjølvstendig, og uten hjelpemiddel, gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metoder innan kognitiv og utviklingspsykologi.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar i utviklingspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 6 veker, totalt 12 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Ingen hjelpemiddel er tillate.