Metode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PSYK202
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er å gje grunnleggande kompetanse og ferdigheiter i sentrale forskningsmetoder, med vekt på analysering og fortolkning av kvantitative og kvalitative data.
Emnet er sett saman av to delar: forskingsmetode og praktisk data-analyse/øvingar. Innanfor kvantitativ metode vil emnet i hovudsak ta for seg bruk av den generelle lineære modellen, som blant anna omfattar regresjon og variansanalyse. Hovudfokuset i emnet er på parametrisk statistikk. Innanfor kvalitativ metode vil kurset gje ei innføring i intervju og tematisk analyse.
Studentane vil få trening i organiseringa av dataanalytisk programvare, og kompetanse til å utføra ulike typar analysar ved hjelp av slike program.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Ved fullført emne kan studenten:
- gjere greie for mål på sentraltendens, variasjon og samvariasjon
- gjere greie for hovedprinsippa i signifikantstesting og estimering
- gjere greie for metodar for å samanlikne gruppar (som t.d. t-test og ANOVA) og metodar for å undersøke samanhengen mellom variabler (f.eks. korrelasjon og regresjon)
- gjere greie for føresetnader for lineære modellar
- vise kjennskap til omgrepet og idéen bak effektstyrke innan kvantitativ metode
- gjere greie for kjenneteikn og bruksområde for kvalitativt intervju
- gjere greie for kjenneteikn og bruksområde ved tematisk analyse av kvalitative data (t.d. semistrukturerte intervju)
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan studenten:
- foreslå relevante design, datainnsamling og analysar som er egna til å svare på forskingsspørsmål
- gjennomføre relevante analysar med standard programvare
- tolke resultat frå dataanalyser i samanheng med forskingsspørsmål
Generell komptanse
Emnet vil overordna gje studentane kompetanse til å kritisk vurdera eigne og andres resonnement ut frå vitskapsteoretiske og metodiske perspektiv. Studentane vil få kjennskap til vanlege feilkjelder, etiske problemstillingar og avgrensingar knytt til både kvantitative og kvalitative metodar. Studentane skal vere i stand til å nytte metodiske omgrep i analysar av spørsmål som stammar frå ulike kjelder, som til dømes avisar og sosiale medium i tillegg til faglitteratur.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Fagleg overlapp
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram:
- Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Bachelorprogrammet i generell psykologi
- Bachelorprogrammet i pedagogikk
- Bachelor i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer
Organisert undervisning
Førelesingar i metode totalt: 18-22 timar.
Dataøvingar i praktisk dataanalyse totalt: 10-14 timar
Seminarer totalt: 4-6 timer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- 4 timar skuleeksamen .