Spesialiseringsemne
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- RELV302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt tema av historisk eller systematisk karakter.
Studenten kan velje eit av eventuelt fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk karakter.
Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.
Læringsutbyte
Studenten har ved avslutta emne følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har djupnekunnskap innafor temaet.
- har kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
- har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
- har evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
- har evne til å finne relevant fagleg informasjon.
- har evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
- har evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.
Generell kompetanse:
Studenten
- har generell innsikt i temaet.
- har erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og seminarundervisning.
Utanom eventuelle forelesings- eller seminarrekker vil undervisninga i spesialiseringsemna kunna skje i form av rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg skoleeksamen (inntil 3000 ord) på 6 timar
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår og haust, men ikkje fast
Der er òg vurdering tidleg i vår- og-/eller haustsemesteret gitt at det var undervisning i semesteret føre, jf. undervisningssemester.
Litteraturliste
Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000-1500 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.