Religionsvitenskap: Frie studiepoeng (feltarbeid)
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- RELV303FELT
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk eller engelsk, etter avtale
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Intervjustudie eller feltarbeid av minimum 2 månaders lengde i samband med masteroppgåva.
Kvar student skal, i samråd med rettleiar, utarbeide ein individuell plan for dette emnet. Det skal sendast ein søknad om godkjenning av denne planen til instituttet. Søknaden vert behandla av faggruppa. Det skal brukast eit skjema utarbeidet av faggruppa.
RELV303FELT/MUNT/SEM er eit valemne i masterstudiet i religionsvitskap.
Til vanleg kan berre eitt av RELV303-emna inngå i mastergraden.
Læringsutbyte
Studenten har ved avslutta emne følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten har grunnleggjande kunnskap om eit religiøst felt med særleg relevans til masteroppgåva.
Ferdigheiter:
Studenten har evne til å planlegge, gjennomføre og dokumentere eit avgrensa datainnsamlingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
Generell kompetanse:
Studenten
- har evne til sjølvstendig kompetanseutvikling.
- har evne til relevant kommunikasjon med informantar.
- har evne til nettverkbygging.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Emnet kan ikkje kombineres med RELV303MUNT/RELV303SEM, eller med RELV363.
Studiepoenguttellinga vert redusert med 15 studiepoeng om emnet vert kombinert med RELV303SEM eller RELV303MUNT.
Studiepoenguttellinga vert redusert med 5 studiepoeng om emnet vert kombinert med RELV363.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å framvise dokumentasjon av feltarbeidsmateriale til rettleiar.
Døme på dokumentasjon: Billedmateriale, intervjumateriale, foto- og/eller filmdokumentasjon eller anna.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjend/ikkje godkjend.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Rapport på om lag 6000 ord (cirka 15 sider).
Rapporten skal omhandle metodiske, metodologiske og forskingsetiske spørsmål.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust og vår, men ikkje fast
Der er òg vurdering tidleg i semesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum på om lag 500 sider. Pensum skal veljast i samråd med rettleiaren.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.