Å forklare sosial handling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kva driv menneskeleg oppførsel? Korleis ender vi opp med å gjere tinga vi gjer? Spørsmålet om korleis ein kan forklara sosial handling ligg i hjarta av essensielle teoretiske paradigme i sosiologi og er også av grunnleggande betydning for anvendt samfunnsforsking. Men både i sosiologi og på tvers av samfunnsvitskapane er det foreslått mange ulike handlingsteorier som tilsynelatande skil seg frå kvarandre i deira skildring av mennesket sin natur, så vel som determinantane og mekanismane som ligg til grunn for sosial åtferd. Dette kurset gir en oversikt over essensielle teoriar om sosial handling som er henta frå sosiologi, økonomi og sosialpsykologi, og utviklar tesen om at vi er vitne til en konvergens i handlingsteoretisk forståing på tvers av desse disiplinane. I tillegg vert det eit søkelys på spørsmålet om korleis ein kan bruka handlingsteoriar i anvendt forsking. Dette vert diskutert ved å vise til eksemplariske studiar på et breitt spekter av fenomen, som f.eks. kollektiv handling, miljøåtferd og stemmegiving.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studentane kjenner det konseptuelle grunnlaget og dei empiriske implikasjonane til essensielle teoriar om sosial handling fra sosiologi, økonomi og sosialpsykologi.
  • Studentane er klare over dei tverrfaglege forskjellane så vel som fellestrekka når det gjelder forklaringa av sosial handling.
  • Studentane kan skildra korleis teoriar om sosial handling vert brukt i empirisk forsking.

Dugleikar

  • Studentane kan utleia hypotesar som kan testast fra teoriar om sosial handling.
  • Studentane kan diskutere metodiske fordeler og ulemper ved teoriar om sosial handling.
  • Studentane kan utforme empiriske studiar som bidrar til å teste teoriar om sosial handling.

Generell kompetanse

  • Studentane er i stand til å bruke teoriar om sosial handling i sitt kvardags- og arbeidsrelaterte sosiale liv og dermed fremme samarbeidsresultat.
  • Studentane viser eit fugleperspektiv på store trendar i hele samfunnsvitskapen når det gjeld forklaringa av sosial handling. 

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Emnet vert berre tilbydd hausten 2024.

Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
SOS132 (10 sp)
Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB.

Emnet har 50 studieplassar.

Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar (12 x 2 timer) og seminar (11 x 2 timer)
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal delta i presentasjonen av éin tekst fra pensumet til seminaret (ca. 30 minuttar).

Presentasjonen kan gjerast i grupper og skal inkludere lysbilde som vil bli lasta opp til MittUiB (etter revisjon). Presentasjonen må være godkjent før studentane kan gå opp til eksamen.

I tillegg må en obligatorisk oppgåve innleverast (2000 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig inneverande semesteret samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

2 timar skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråver etter § 5-5 i Studieforskrifta ved UiB.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengeleg for studentar med følgande resultat/fråver:

  • Legeattest/gyldig fråver
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.