Samarbeid rundt funksjonshindra barn og unge

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal utvikle grunnleggjande innsikt i ulike funksjonshindringar og korleis desse kan opplevast av born og unge i skule og utdanning. Emnet vil gje studentane ein teoretisk bakgrunn for å kunne beskrive utfordringar og moglegheiter på individ- og systemnivå knytt til ulike vanskar, og gje innsikt i korleis slik kunnskap kan bidra når velferdstenester skal samarbeide om tenester til barn, unge og deira familiar. Emnet vil mellom anna fokusere på korleis ein i rolla som barnekoordinator kan ivareta barn og unge sin rett til medverknad.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • Har grunnleggjande kunnskap om ulike former for funksjonshindringar knytt til psykologiske, fysiologiske,kognitive, sensoriske og/eller biologiske faktorar
  • Har oppdatert forskingsbasert kunnskap om korleis barnehage og skule fungerer for funksjonshindra bornog unge
  • Har grunnleggjande innsikt i velferdstenestene si plikt til å samarbeide på system- og individnivå knytt tilfunksjonshindra born og unge, til dømes i overgangar mellom ulike delar av utdanningssystemet
  • Har grunnleggjande kunnskap om familiar og born sine rettar ved varige og omfattande hjelpebehov

Ferdigheiter

Studenten...

  • Kan bruke forskingsbasert kunnskap om funksjonshindringar og kjennskap til lovverk i analyse avaktuelle case
  • Kan fordjupe seg i korleis funksjonshindringar og arbeid med barn og unge opplevast av aktørar i feltet

Generell kompetanse

Studenten...

  • Kan bidra konstruktivt i gruppearbeid¿Kan finne fram til og bruke forskingslitteratur og aktuelle lovverk til fagleg fordjupingsarbeid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet krever studierett ved et av følgende program:

  • Bachelorprogrammet i pedagogikk
  • Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk
  • Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Bachelorprogrammet i generell psykologi
  • 5-årig lektorutdanning
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bestå av:

  • førelesingar (8x2 timar)
  • workshop med gruppevise presentasjonar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane vert delt inn i grupper. I løpet av semesteret skal kvar gruppe gjennomføre følgjandeaktivitetar:

  • Intervjue ein relevant fagperson
  • Gjennomføre ein presentasjon der alle i gruppa bidreg aktivt

Dei obligatoriske undervisningsaktivitetane må vere godkjende før studentane kan framstille seg til vurdering i emnet.

Vurderingsformer
Lage podcast (gruppeeksamen)
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet