Språk, lesing og skriving ¿ utvikling , vanskar og tiltak

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal utvikle ei grunnleggjande kunnskapsbase for å forstå normal språktileigning og vanskar relatert til utviklinga av munnleg og skriftleg språk. Emnet vil formidle forståing for sentrale omgrep innanfor anatomi, fysiologi, lingvistikk og fonetikk, som alle er relevante for å beskrive språk- og taleutvikling, samt forståing av språk- og talevanskar innanfor ein- og fleirspråklege kontekstar. Studentane vil også få teoretisk innsikt som gjer dei i stand til å forstå kva som kjenneteiknar den normale lese- og skriveutviklinga, ulike former for lese- og skrivevanskar, samt sekundærvanskar som ofte opptrer saman med desse vanskane. Samlet sett vil studentane etter avslutta emne kunne anvende kunnskap om språk og tale til å forstå og analysere menneskeleg kommunikasjon. I tillegg vil emnet gje studentane ein teoretisk bakgrunn som gjer dei i stand til å beskrive utvikling av språk, tale, lesing og skriving. Endeleg vil emnet gje studentane ferdigheiter som gjer dei i stand til å arbeide med førebygging og iverksetting av tiltak retta mot vanskar med språk, tale, lesing og skriving både på system- og individnivå i barnehage og skule.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • har grunnleggjande kunnskap om dei ulike aspektane ved språk (form, innhald og bruk)
  • kan beskrive og forklare normal høyrsel og taleproduksjon
  • har grunnleggjande kunnskapar om anatomi og fysiologi i øre, nase, hals og respirasjonssystemet, så vel som kunnskapar om dei mest kjente vanskane som kan påverke funksjonen til artikulasjonsapparatet
  • har grunnleggjande kunnskapar om normal og forseinka språkutvikling på ulike lingvistiske nivå: frå lydar til ord og kombinasjonar av ord til diskurs
  • har kjennskap til det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA)
  • har grunnleggjande kunnskap om tidleg språkleg og skriftspråkleg utvikling og samanhengen mellom desse
  • har grunnleggjande kunnskap om den normale lese- og skriveutviklinga, samt ulike former for lese- og skrivevanskar
  • har grunnleggande kunnskapar om fleirspråkleg utvikling og har kjennskap til grunnleggjande utfordringar ved å kartlegge språk- og lesevanskar hos barn som har ein fleirspråkleg bakgrunn

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan gjere greie for utviklingstrekk som tilseier at barn og unge har auka risiko for å utvikle vanskar med språk, tale, lesing og skriving
  • kan på bakgrunn av kartlegging foreslå tiltak for barn og unge med vanskar innanfor språk, tale, lesing og skriving

Generell kompetanse

Studenten...

  • skal kunne gjere greie for, analysere og kritisk drøfte nokre sentrale teoriar som tek for seg utviklinga av språk, tale, lesing og skriving
  • skal ha innsikt i korleis teoretisk kunnskap om språk-, tale-, lese- og skriveutvikling kan bidra i praktisk spesialpedagogisk arbeid
  • kan vurdere kva som kjenneteiknar eit godt språkstimulerande miljø i barnehagen og ein god lese- og skriveopplæring i skulen
  • kan kritisk reflektere over faglege, etiske og utdanningspolitiske spørsmål knytt til barn og unge i risiko for å utvikle vanskar med språk, tale, lesing og skriving på system- og individnivå
  • kan diskutere spesialpedagogiske problemstillingar som gjeld barn og unge i risiko for å utvikle vanskar med språk, tale, lesing og skriving med andre aktørar (t.d. foreldre, lærere og tilsette i PPT) på ein forståeleg og fagleg fundert måte

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Det er en føresetnad at studentane har SPED100, SPED103 og SPED102 for å ta dette emnet
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak på bachelorprogram i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert som ein kombinasjon av førelesingar og seminar. Seminarundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar og det vert rekna med at studentane møter førebudd
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i obligatoriske seminar i løpet av semesteret
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • 4-timer skuleeksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet