Praksis i arbeidslivet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- AHKR201
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
AHKR201 Praksis i arbeidslivet er eit praksisemne for studentar på Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. På dette emnet får studentar på arkeologi, historie, kulturvitskap og religiosvitskap muligheit til å få arbeidserfaring hos bedriftar og institusjonar som er elevante for deira utdanning.
Mål
Praktikantopphaldet skal bidra til å utvikla den faglege kunnskapen til studentane i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verta meir medvitne om eiga yrkesrolle og om korleis det er å arbeida ved bedrifter/institusjonar der utdanninga er relevant.
Innhald
Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den bedrifta/institusjonen dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante for deira faglege kompetanse og arbeidsstaden sine behov. Arbeidsoppgåvene til den enkelte student vil verta konkretiserte i ein kontrakt mellom studenten og den enkelte institusjon/bedrift.
Sjå informasjon om dei ulike bedriftene/institusjonane som deltek i emnet her: www.uib.no/ahkr/45357/ahkr201-%E2%80%93-praksisemne-ved-ahkr
Læringsutbyte
Kunnskapar
- Gjennom praksisopphaldet har studenten tileigna seg erfaringar og kunnskapar relevante for den bedrifta/institusjonen han har praksisopphald ved, og dei arbeidsoppgåvene han blir sett til.
- Studenten har kunnskap om korleis bedrifter/institusjonar organiserer arbeidet sitt, og relaterer faglege spørsmål til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.
Ferdigheiter
- Studenten kan nytta fagleg kunnskap i ein praktisk arbeidssituasjon og reflektera over dei val som vert gjort.
- Studenten kan bruke presentasjonsverktøy til formidling.
Generell kompetanse
- Studenten kan planleggja og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe.
- Studenten kan utveksla synspunkt og erfaringar om fagleg verksemd og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis og kan også reflektera over eiga rolle i arbeidssituasjonen.
- Studenten kan formidle kunnskapar og erfaringar munnleg og visuelt på ein konsis måte til ei større gruppe.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet har eit eige opptak, og har begrensa antall plassar.
Søknadsprosedyre
Ein søkjer gjennom eit digitalt skjema: skjemaker.app.uib.no/view.php?id=2926566
Søknaden skal mellom anna innehalda ein motivasjonstekst som saman med karakterar og studieprogresjon vil verte vurdert i opptaksprosessen.
Søknadsfrist
15. januar for opptak i følgjande semester.
Arbeids- og undervisningsformer
Form: Seminar og rettleiing i grupper
Tal veker: om lag 16 veker
Ved semesterstart vert det halde eit orienteringsmøte med fokus på å førebu studentane på praksis, der ein viktig del er å gjera studentane medvitne om sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. På orienteringsmøte vil og bedrifter/institusjonar presentera seg og dei tilbod dei har til studentane.
Studentane får rettleiing både frå bedrifta/institusjonen og frå Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Kvar student får individuelle tilbakemeldingar på presentasjonar i grupper på instituttet.
Undervisninga består av fire forelesingar/seminar og eit avslutningsseminar. På seminara skal studenten presentere institusjonane / bedriftene og arbeidsoppgåvene dei har hatt der både skriftleg og munnleg. I presentasjonar og i rapporten (eksamen) skal studentane drøfta sin eigen kompetanse i forhold til praksisen og reflektera over praksis. På avslutningsseminaret skal framføringa vere på omlag 15 minuttar. Studentane presenterer erfaringar framfor medstudentar og representantar frå praksisplassane. Studentar som har samarbeida i praksis, kan presentere saman om dei ønsker det. Framføringa blir da forlenga i tid tilsvarande 15 minuttar pr student som presenterer saman.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten må ha oppfylt følgjande arbeidskrav:
- Obligatorisk oppmøte på all undervisning
- Om lag 200 timers praksisperiode i en godkjent institusjon/bedrift etter ein kontrakt inngått mellom student, AHKR og institusjonen/bedriften. Det skal leveres ein loggbok godkjent av institusjonen/bedriften etter endt praksisperiode. Arbeid med presentasjon og rapport etter praksisopphold er ikke inkludert i de 200 timene
- Levere to presentasjoner og fremføre disse på forberedende gruppeundervisning og fellesseminar
Obligatoriske undervisningsaktiviteter er bare gyldig i undervisningssemesteret.