Erfaring, kunnskap og profesjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- AHS202-F
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet er eit vidareutdanningstilbod som rettar seg mot arbeidstakarar med brei arbeidslivs- og organisasjonserfaring. Emnet skal føre studenten frem til ein betre innsikt og forståing for eiga læring og ulike læringsformer dei har nytta under utdanning og i arbeidslivet. Emnet legg særskild vekt på å styrke studentane sine kunnskapar om ei akademisk læreform som nyttar tekst- og dokumentanalyse og betre deira kompetanse i akademisk skriving.
Instituttet kan tilby undervising i ulike tema, avhengig av etterspurnad og undervisningskreftene som er tilgjengelege.
Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
- Emnet skal gje studenten auka innsikt i og forståing for eiga læring og gode kunnskapar om tekst- og dokumentanalyse.
Ferdigheiter:
- Studenten skal vise evne til å reflektere over eigen læring og demonstrere ferdigheiter i å nytte tekst- og dokumentanalyse i ei akademisk skriveform.
Generell kompetanse:
- Studenten skal vise evne til å argumentere og dokumentere akademisk. Gjennom å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Studenten skal skrive ei oppgåve som skal vurderast. Studenten får student- og lærarkommentarar og har høve til å levere inn ein revidert versjon av oppgåva.
Oppgåva skal være på om lag 3000 ord og ha tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta. Studenten skal gje skriftlege kommentarar til dei andre studentane sine oppgåver, og i vurderinga blir det lagt vekt på konstruktiv kritikk og faglig gode og sjølvstendige kommentarar. Både oppgåvene og dei skriftlege kommentarane tel med når endeleg karakter skal fastsetjast.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.