Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå opplysingstida/romantikken til i dag
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ALLV113
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet består av ei rekke litterære hovudverk frå opplysningstida/romantikken til i dag samt eit utval litteraturteoretiske tekstar frå 1800-talet. Det vil bli lagt vekt på å sjå verka i lys av dei store litteraturhistoriske linene (romantikk, realisme, modernisme, postmodernisme, etc.). Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.
ALLV113 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar i den eldre litteraturen frå opplysningstida/romantikken til i dag
- god kjennskap om korleis skiftande epokar har forstått kva litteratur er og korleis litterære tekstar fungerer.
Ferdigheter
Etter fullført emne kan studenten
- på eit grunnleggjande nivå fortolke og samanlikne viktige verk og forfattarar i litteraturen opplysningstida/romantikken til i dag
- gjere greie for kjenneteikn ved litteraturteori og estetikk i opplysningstid/romantikk
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
- leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar per veke i undervisningsperioden.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
4 dagars heimeeksamen med eit omfang på ca. 2500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.