Innføringskurs i arabisk språk og kultur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ARA100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi grunnopplæring i moderne standardarabisk og oversyn over kultur og samfunn i den arabiske verda (geografi, historie, religion, språk, etc.).
Emnet ARA100 skal formidle forståing for arabisk skriftsystem, fonetikk og enkelte tema i moderne arabisk morfologi og syntaks. I tillegg formidlar emnet basisforståing for arabisk realia.
Studentane skal lære arabisk alfabet, uttale, oppnå ein viss lese- og skrivekompetanse. Studentane får ein introduksjon i enkelte tema i moderne arabisk grammatikk. I tillegg blir tema om arabisk språkhistorie, religion og tidlig historie tatt opp.
Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Studenten beherskar arabisk skrift og uttale.
- Studenten har eit ordforråd på ca. 350 ord.
Ferdigheiter
- Studenten kan gjere greie for enkelte tema i arabisk grammatikk.
- Studenten kan lese og omsette enkle nivåtilpassa arabiske tekstar.
- Studenten kan både munnleg og skriftleg gjere greie for enkelte tema (kan til dømes presentere seg sjølv, stille og svare på spørsmål om familie, studie, mat, bustad, reise og land).
Generell kompetanse
- Studenten har eit oversyn over kultur og samfunn i den arabiske verda.
- Studenten har lært seg det arabisk skriftsystemet og uttale.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir normalt gitt to dobbeltimar førelesning i veka i tolv veker. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 48.
Emnet tel to komponentar: Komponent 1, om lag 40 timar, inneheld førelesingar i arabisk alfabet, uttale og grammatikk kombinert med øvingar, omsetjing, samtaler og liknande. Komponent 2, om lag 8 timar, inneheld førelesingar i kultur og samfunn.
Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til læreboka og digitale kjelder.
Det blir forventa at studentane brukar ca. to til fire timar per dag på sjølvstudium.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levera minst to kortare øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.