Teori og metode i arkeologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ARK210
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gi oversikt over sentrale tema innan arkeologisk teori- og metodedebatt og arkeologisk faghistorie, med oversyn over karakteristiske trekk ved ulike fagretningar over tid.
Emnet omhandlar det teoretiske og metodiske grunnlaget for å kunne tolke dei materielle spora frå fortida. Det er lagt vekt på at studentane gjennom generell innsikt i teori og metode skal få ei betre forståing av viktige tema og problemstillingar og ta stilling til korleis dette er framstilt i arkeologisk litteratur. Døme på slike tema er samfunnsorganisasjon, byutvikling, landskap og romlege strukturar, kombinasjon av arkeologi og tekst, sosial identitet/kjønn, etnisitet og religion/rituelle aktivitetar. Den teoretisk-metodiske bakgrunnen gir eit viktig grunnlag for ARK250.
Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om sentrale teorier og metodar nytta i arkeologisk forsking
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor arkeologi
- kan oppdatere kunnskapen sin i faget
- kjenner til arkeologifaget si utvikling, historie, tradisjoner, eigenart og plass i samfunnet
- har god innsikt i det teoretiske og metodiske grunnlaget faget bygger på
Ferdigheiter:
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap på teoretiske og metodiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
- kan reflektere over val av teoretisk og metodisk tilnærming til arkeologisk materiale
- kan finne, vurdere og henvise til teoretisk og metodisk litteratur og knytte dette til ei problemstilling
- kan nytte fagleg teori og metode som er relevant for forskinga
- kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte teoretiske og metodiske framstillingar, og kan gjere sjølvstendige vurderingar
Generell kompetanse:
Studenten
- har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar i arkeologisk teori og metode
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor arkeologisk teori og metode
- kan setje seg inn i omfattande faglitteratur, formidle kunnskap og synspunkt der ifrå, og gjere eigne vurderingar i skriftleg arbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
60 % deltaking på undervisninga er obligatorisk. Emnet har eit minimumskrav på 60 % oppmøte i undervisninga. Studentar som har mindre oppmøte enn 60 %, vil ikkje få gjennomføre vurdering (eksamen) på emnet.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
5 dagars heimeeksamen. Heimeeksamen skal ha eit omfang på om lag 3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk og/eller engelsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.