Evolusjonsbiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet er å gi forståing for korleis evolusjon fungerar og basiskunnskap til dei viktigaste problemstillingane i evolusjonsbiologi. Emnet gir ei innføring i evolusjonsbiologi, bl.a. populasjonsgenetikk og kvantitativ genetikk, naturleg utval, tilpasing, seksuell seleksjon, slektskapsseleksjon, livshistorie evolusjon, artsdanning, molekylær evolusjon og fylogenetiske analyser.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Ein student som har fullført emnet skal ha solid kunnskap om:

  • fitness, måleininga for seleksjon, og korleis denne kan bli målt empirisk
  • årsakene til genetisk variasjon; utval i ulike former; arv; korleis desse prosessane saman resulterer i tilpassing
  • populasjonsgenetikk; korleis seleksjon, mutasjon, migrasjon (genflyt) og innavl påverkar den genetiske strukturen til populasjonar; genetisk drift, den andre viktige evolusjonære krafta
  • fylogenetisk tenking; korleis nye artar oppstår; dei viktigaste konsepta om artar
  • de evolusjonære kostnadane og fordelane ved sex
  • studiet av kvantitative karakterar og samspelet mellom arv og miljø
  • utvikling av livshistorier, inkludert parasitter og deira epidemiologiske konsekvensar
  • korleis evolusjonær tenking gir oss innsikt i menneskelege helseutfordringar
  • evolusjonen av tidlege menneske
  • evolusjon og utvikling; korleis likskap og forskjellar i kroppar oppstod på kryss av livets tre (EvoDevo)

Ferdigheiter:

Etter fullført emne kan studenten:

  • motargument mot evolusjon; kunne kritisk vurdere populariserte tekster som tar opp evolusjonære emne eller brukar evolusjonær argumentasjon
  • formulere solide, testbare evolusjonære hypotesar for ei rekke biologiske fenomen
  • lese og forstå mykje av den sekundære og primære forskingslitteraturen innan evolusjonsbiologi
  • bruke evolusjonære prinsipp i eiga forsking

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten:

  • ha ei betre forståing av korleis evolusjonsvitskap generer kunnskap ved hjelp av hypotesetesting, systematiske observasjonar og den komparative metoden
  • betre kunne skilje vitskapleg argumentasjon frå uvitskapleg argumentasjon
  • ha fått erfaring med ulike læringsmetodar (lesing, diskusjonar, føredrag, videoar, datasimuleringar) i biologi
  • kunne bruke evolusjonsbiologi som eit kraftfullt verktøysett for å undersøke nåverande endringar i biodiversitet og adressere framtidige utfordringar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
Obligatoriske emne i bachelorgrad i biologi eller tilsvarande emne.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar.

Sjølv om det ikke er obligatorisk å møte på alle undervisningstimane, skjer mykje av aktiviteten der og læringseffekten vil bli avgrensa dersom ein vel å ikke delta aktivt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gjennomføring av mappeelementa.
Vurderingsformer

Mappevurdering

  • Digitale oppgåver (20% av karakteren).
  • Skriftleg deleksamen (40% av karakteren).
  • Munnleg eksamen (40% karakteren).

Alle dei tre delane må gjennomførast i undervisningssemesteret for å få karakter i emnet og er berre gyldige i semesteret dei blir gjennomført i.

Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Studentevalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.