Marin bentisk fauna

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane kjennskap til bentiske norske evertebratar i kyst, og fjordområde ved gjennomgang av morfologiske nøklekarakterar, levevis og leveområde. Studentane får opplæring i bruk av bestemmingslitteratur og biosystematisk metodikk.

Emnet omfattar 6 dobbeltforelesingar (i forkant av feltkurset) og totalt to veker feltarbeid på Espeland marinbiologiske stasjon. Feltarbeidet både byggjer på, og inneheld forelesingar om dei aktuelle dyregruppene, og består av innsamlings- og identifiseringsarbeid.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten:

  • kan beskrive og navngje vanlege norske evertebratar som er gjennomgått i emnet og vite kva for leveområde artane høyrer til

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • har grunnlag for artskunnskap for vidare studiear i akvatiske fag og for framtidig yrke innan forsking, undervising og/eller naturforvaltning

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan drive med feltarbeid med innsamling og identifisering av marin bentisk fauna

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor (vidarekomne) og master

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veke 3.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøte, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøte må du kontakte studieseksjonen (studie.bio@uib.no). Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøte finn du i timeplanen under "Ressurser" øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Krav til forkunnskapar
BIO101 Organismebiologi 1 og BIO102 Organismebiologi 2, eller tilsvarande emne.
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskap om grunnleggende biologisk systematikk og fylogeni er ein fordel, men ikkje eit krav.
Studiepoengsreduksjon

Det er 5 studiepoeng overlapp med BIO325 Havforsking t.o.m haust 2023.

Det er 5 studiepoeng overlapp med BIO225 Marin bentisk fauna.

Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit bachelor- eller masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi og at du oppfyller forkunnskapskrava. Studentar på masterprogram i biologi, spesialisering Marinbiologi, fiskeribiologi og forvaltning vil bli prioriterte.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og arbeidsformer legg til rette for studentaktiv læring og omfattar forelesingar i forkant av eit to-vekers feltkurs på Espeland marinbiologiske stasjon. Feltkurset både byggjer på, og inneheld forelesingar om dei aktuelle dyregruppene, og felt- og laboratoriebasert identifikasjonsarbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Oppmøte på forelesingar
  • Deltaking i felt- og laboratoriearbeid
  • Presentasjon på feltkurs

Studenteigenandel for deltaking i felt- og toktaktivitetar:

Studentar på emne som reiser på felt- og toktaktivitetar med overnatting skal sjølv dekke utgifter til mat og drikke under opphaldet. Av omsyn til reglar og krav for handsaming av mat og hygiene blir det kjøpt inn mat på/frå dei ulike overnattingsstadene, og ein kan ikke ta med eigen mat. Institutt for biovitenskap står difor for bestilling av mat for alle. Studentar betalar ein sum på kr. 100 per døgn for dette. Samla eigenandel blir maks kr. 1 500.

Institutt for biovitenskap dekker utgifter knytt til kollektivtransport og opphald, samt eventuelle matutgifter som overstig studenteigenandelen på kr. 100,-/dag. Instituttet dekker ikkje utgifter knytt til privat transport.

Vurderingsformer
Praktisk eksamen (artsidentifisering)
Karakterskala
Karakterskala A-f, der A er den beste karakteren og F er stryk/ikkje bestått
Vurderingssemester
Praktisk eksamen blir kun gjennomførst i semester med undervisning, vår.
Hjelpemiddel til eksamen
Relevant bestemmingslitteratur