Palaeoøkologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- BIO250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Paleoøkologi er studiet av økologien i fortida der ein brukar ulike typar fossil funne i avsetjingar som eit indirekte bevis for artsamansetning i tidlegare tider, artsutbreiing og deira etablering etter istida, og korleis miljø, klima og menneskeleg påverknad på landskapet har vore med på å forme desse endringane. Målet med emnet er å formidle heilskapleg forståing for generelle og spesielle hendingar og tema der paleoøkologiske metodar kan nyttast for å få kunnskap om desse. Tidsskalaer blir rekonstruert ved ulike dateringsmetodar. Tema kan dekke heile jorda si historie, men fokus er sett på utvikling og endringar i som har funne stad i den mellomistida vi er inne i no, holosen.
Det vert lagt vekt på utvikling av praktiske ferdigheiter og presentasjon av eigne dta som kjem fra. Emnet nyttar artiklar og nettressursar til undervisning i førelesningar, felt- og labkurs, seminardiskusjonar og klasseaktivitetar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.
KunnskapStudenten
- kan definere sentrale omgrep innan paleoøkologi og kjenne til breidd og mangfald innan fagområdet.
- kan planlegge og gjennomføre ei enkel paleoøkologisk studie
- kjenne til ulike metoar og strategiar for innsamling av data
- kan bruke relevante typar data til paleoøkologiske studie med ulike tema
- kan bruke sin kunskap til å kopla ulike typar data og studiar med ulik tidsskala
FerdigheiterStudenten
- kan formulere forskingsspørsmål og planlegge og gjennomføre enkelt feltarbeid i forhold til spørsmålet
- kan samle inn materiale med russerbor
- kan identifisere og skildre ulike typar sediment og ulike typar fossil (t.d. pollen og plantemakrofossil) og vite deire miljømessige betyding
- kan framstille eigne data i tabelar og figurer og tolke eigne data på ulik tids- og romleg skala
- kan gjennomføre søk etter relevant litteratur og presentere hovudfunna for andre på emnet
Generell kompetanseStudenten
- kan finne relevant litteratur som belyser aktuelle problemstillingar innan paleoøkologi
- kan diskutere ulike studiar og utveksle synspunkt i faglege diskusjonar
- kan demonstrere evener til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
- kan presentere, diskutere og vurdere primærkjelder og eigne data
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust. Emnet skal ikkje gå hausten 2024.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på MittUiB.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning gis i form av førelesningar, feltkurs, lab-arbeid, diskusjonar og student presentasjonar
Førelesning/ 4 tmer pr. veke i 14 veker (dette inkluderer også diskusjonar og presentasjonar
Feltkurs/ 3 dagar
Laboratoriearbeid/ 6 timer i 1 veke (felles) + heile dagar i inntil 2 veker (i grupper).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Forskningsoppgave (inkluderer feltkurs, labarbeid, presentasjon av resultater i en poster), deltaking i diskusjonar og øvingar og hjemmeeksamen.
Godkjente obligatoriske aktiviteter er gyldig i 6 semestre.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer.
- Prosjektarbeid og presentasjon utgjer 25 % av karakteren
- Skriftleg digital heimeeksamen, utgjer 75 % av karakteren