Metodar for reproduserbar og open vitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med dette emnet er å lære reproduserbare og opne vitskapsmetodar til masterstudentar, slik at dei kan skrive reproduserbare analysar for oppgåvene og manuskripta sine ved hjelp av toppmoderne metodar.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane:

  • Vite betydninga av reproduserbare og opne metodar i vitskap   
  • Vite hovudårsakene til ikkje-reproduserbar forsking   
  • Forstå korleis tvilsame forskingspraksisar kan føre til ikkje-reproduserbart arbeid   
  • Forstå korleis førehandsregistrering kan bidra til å unngå tvilsame forskingspraksisar   
  • Vite korleis ein finner og gjenbruker publiserte data

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • Bruke versjonskontroll for å handtere kode og data   
  • Bruke targets-pipeline-verktøyet for å handtere analysane sine   
  • Skrive ein reproduserbar analyse   
  • Gjere kodegjennomgang   
  • Utvikle ein R-pakke

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane:

  • Kunne arbeide reproduserbart

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master, ph.d.

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
Bachelor i biologi eller tilsvarande. Det er eit krav for opptak til emnet at du er tatt opp til masterprogram ved Institutt for biovitenskap. Studentar på integrerte 5-årige masterprogram må ha oppnådd minimum 180 studiepoeng for å få opptak til emnet.
Tilrådde forkunnskapar
BIO300B Biostatistikk (5 sp) eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Seminar. Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 semestre, inkludert semesteret aktiviteten vart avlagt i.
Vurderingsformer

Mappevurdering

  • Prosjekt som bruker fleire av elementa undervist i kurset   
  • Refleksjonsessay om kva dei lærte ved å lage prosjektet

Døme på prosjekt:

  • Reprodusere analysar frå ein publisert artikkel   
  • Lage ein R-pakke
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Eksamen kun i semester med undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.