Aktuelle geobiologiske tema

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi inngåande kunnskap om dei aktuelle tema som blir tatt opp, og gi informasjon om eventuelle pågåande diskusjonar, motstridande hypotesar og spørsmål ein enda ikkje har svaret på.

Emnet omhandlar sentrale og aktuelle tema innan geobiologi som til dømes: Liv i ekstreme miljø og korleis liv oppsto. Mikrobielle prosessar og klimaendringar. Biodiversitet og coevolusjon. Interorganisme interaksjonar -genetikk, økologi adaptasjon.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha god kunnskap om ulike aktuelle tema innan geobiologi, kjenne til dei nyaste forskningsresultata på desse felt, kva for hypoteser og teoriar som er gjeldande, og kva for viktige spørsmål og problem som ein ikkje har svar på.

Undervisningssemester

Vår, annakvart år (partalsår).

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
Bachelor i biologi eller tilsvarande. Det er eit krav for opptak til emnet at du er tatt opp til masterprogram ved Institutt for biovitenskap. Studentar på integrerte 5-årige masterprogram må ha oppnådd minimum 180 studiepoeng for å få opptak til emnet.
Vurderingsformer
Muntleg presentasjon av knytta til eit av dei tema som vert tekne opp.
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått.