Populasjongenetiske metodar
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- BIO335
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Litteraturen tar for seg den teoretiske bakgrunnen for å bruke populasjonsgenetiske metodar for å identifisere nært beslekta artar og for å studere artar og populasjonsstruktur. Det vil også vise korleis dei ulike metodane kan brukast i taksonomisk og autentisitetsarbeid. Emnet vil innehalde praktisk analyse av genetisk variasjon gjennom elektroforese av proteinar, mikrosatelittar og DNA-analyse. Eksempel vil bli valde frå marine artar. Tolking og analyse av resultata vil bli vektlagde, og litteraturstudium vil bli utført gjennom seminar presentert av studentane.
Læringsutbyte
Populasjonsgenetiske metodar er nyttige for ei rekkje ulike oppgåver: artsidentifikasjon, populasjonsstudium, sporing, autentisering, taksonomi, osv. Emnet vil presentere ulike molekylære teknikkar, både i teori og praksis; studentene vil prøve ut ulike populasjonsgenetiske metodar i laboratoriet. Tolking og datahandtering er ein viktig del av emnet, og studentane vil lære å behandle ulike genetiske data. Ny relevant litteratur vil også bli presentert.
Studienivå (studiesyklus)
Master- & PhD-studentar.
Undervisningssemester
Vår. EMNET BLIR IKKJE UNDERVIST VÅR 2025.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Krav til forkunnskapar
Bachelor i biologi eller tilsvarande. Det er eit krav for opptak til emnet at du er tatt opp til masterprogram ved Institutt for biovitenskap. Studentar på integrerte 5-årige masterprogram må ha oppnådd minimum 180 studiepoeng for å få opptak til emnet.
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande kunnskapar i biologi, samt laboratorieerfaring.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i praktisk laboratoriearbeid og litteraturstudium.
Vurderingsformer
- Munnleg eksamen, tél 100% av karakteren i emnet.
Karakterskala
Karakterskalaen A-F blir brukt, A er den høgaste karakteren of F utgjer stryk.
Vurderingssemester
Det blir arrangert munnleg eksamen i både vår- og haustsemesteret. I semester utan undervisning blir eksamen arrangert tidleg i semesteret .
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.