Celle- og utviklingsbiologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- BIO370
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir ei grundig innføring i embryologisk utvikling hos ulike dyregrupper, inkludert vev- og organdanning, og korleis ulike molekylære prosessar styrer organismen si utvikling. Emnet gir òg ei praktisk innføring i utviklingsbiologiske teknikkar. Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar.
Læringsutbyte
Kunnskap
Kandidaten kan:
- gjere inngåande greie for embryonal utvikling hos ulike dyregrupper, deira felles trekk, utviklingsstadium og danning av ulike organsystem og celletypar
- vise inngåande forståing av cellulære og molekylære mekanismar som regulerer utvikling hos dyr
- analysere og greie ut om sentrale omgrep og problemstillingar innan utviklingsbiologi og kva teknikkar ein brukar for å studere desse
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- relevante metodar og har ferdigheiter til å gjere forsøk og studere embryoutvikling på eit molekylært nivå
- formulere relevante forskingsspørsmål innan fagfeltet
- skrive laboratorierapport som samanfattar og diskuterer eigne funn i relasjon til vitskapleg litteratur
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- reflektere rundt kunnskap og forsking og korleis eit fagfelt utviklar seg
- finne svar på forskingsspørsmål gjennom å søke opp og lese vitskapleg litteratur
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post (
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Forelesingar
- Laboratoriekurs m/journal
- Poster session
Obligatoriske aktivitetar må bli godkjende for å kunne ta eksamen. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 semester, inkludert semesteret aktiviteten vart avlagt i.
Vurderingsformer
Mappevurdering, beståande av følgjande:
- Munnleg eksamen, tél 50% av endeleg karakter.
- Labkursjournal, tél 30% av endeleg karakter.
- Poster session, tél 20% av endeleg karakter.
I semester utan undervisning, kan ein ta munnleg eksamen på nytt tidleg i semesteret. Poengsummen frå dei dei to andre mappeelementa frå det foregåande semesteret blir inkludert i den endelege karakteren.