Metoder i biomedisinsk forskning
Masteremne
- Studiepoeng
- 25
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- BMED320
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi studenten ei teoretisk oversikt over metodar som vanlegvis blir brukt i grunnleggjande biomedisinsk forsking og praktisk erfaring med utvalde metodar. Emnet gir også opplæring i litteratursøk og bruk av referansehandteringsprogramvare. Til slutt blir studentane trena i korleis dei kan presentere vitskaplege problemstillingar og forskingsresultat på ein akademisk og vitskapleg korrekt måte.
Læringsutbyte
Etter fullføring av emnet skal studenten kunne:
Kunnskapar
- Forklare og sette i kontekst vanleg brukte metodar og tilnærmingar i grunnleggjande biomedisinsk forsking.
- Forklare nyttige bruksmåtar av ulike metodar på gitte problem innan celle- og molekylærbiologi.
Ferdigheiter og generell kompetanse
- Planleggje og gjennomføre eksperiment, analysere dei resulterande data, og kritisk tolke og evaluere resultata.
- Søkje etter, presentere og nytte vitskapleg litteratur.
- Presentere eiga forsking på ein akademisk måte.
Studiepoeng, omfang
25 sp
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Generelle kunnskapar i molekylærbiologi og cellebiologi. Studentane må også vere kjent med grunnleggjande prinsipp for elementære molekylærbiologiske metodar og omgrep som til dømes: polyakrylamid gel-elektroforese (med og utan SDS), agarose gel-elektroforese for separering av DNA/RNA, polymerase chain reaction (PCR) og cDNA.
Krav til studierett
Studentar på masterprogrammet i biomedisin ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet går over 13-14 veker. Emnet startar med 4 veker med førelesingar (mellom 8-16 timar/veke) og ei innføring i praktisk laboratoriearbeid, etterfølgt av 2 veker med innføring i dataanalyse, og avsluttast med 7 veker med eksperimentelt laboratoriearbeid under rettleiing. I vekene med dataanalyse og laboratoriearbeid er det forventa vanlege arbeidstimar (om lag 40 t/veke). Dette betyr at det er vanskeleg å kombinere dette emnet med andre emner.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Den praktiske innføringa i dataanalyse og alt laboratoriearbeid er obligatorisk.
Vurderingsformer
Vurderinga består av to delar:
- Skuleeksamen etter avslutta teoriundervisning.
- Innlevering av skrifteleg semesteroppgåve etter utplassering på lab.
De utgjer høvesvis 55 % og 45 % av den totale eksamensresultatet, medan dei praktiske dataanalyseoppgåvene vil bli vurdert som bestått/ikkje bestått. Alle delar må beståast for å oppfylle emnet.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
"Bioanalytics : analytical methods and concepts in biochemistry and molecular biology" av Lottspeich & Engels, review-artiklar, originalartiklar og handouts.
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.
Programansvarleg
Programutvalget for biomedisin
Administrativt ansvarleg
Institutt for biomedisin