Databasar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir innføring i handtering av data i relasjons-databasar. Studentane skal lære å importere data frå databasar til program, samt datahandtering ved hjelp av SQL både mot eksterne databasar og i eigne program. Det vert òg gitt innføring i prinsipp for datalagring som databaseskjema og normalformer. Det vert lagt vekt på datautveksling og handtering via programmeringsspråket Python.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om data-utveksling og handtering av tabell-data ved hjelp av programmeringsspråket Python.
  • har inngåande praktisk kunnskap om sentrale omgrep i relasjonsdatabasar knytt til lagringsprinsipp samt datahandtering ved hjelp av SQL.

Ferdigheit

Studenten

  • kan bruke SQL til data-definisjon, -innhenting og -handtering.
  • kan grunnleggjande database-programmering i Python.
  • kan hente inn og transformere data frå databaser ved hjelp av Python.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelmessig
Krav til forkunnskapar
DATA110, INFO132 eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
INFO125 (5 sp)
Krav til studierett
Ope for studentar med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, lab-øvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 2 timar data-lab i 6-8 veker). 
Obligatorisk undervisningsaktivitet

1 obligatorisk innlevering som må godkjennast.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenning.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 3 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok forhåndsgodkjent av fakultetet
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.