Fellesprosjekt

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I dette emnet vil studentane få erfaring frå gruppearbeid i eit frittståande prosjekt utforma i samråd med eksterne interessentar. Kvar students rolle og oppgåver i prosjektet blir forhandla med prosjektdeltakarane.

I prosjektet blir det lagt vekt på felles forsking, samarbeid om idéutvikling og ein felles designprosess. Studentane får reell erfaring ved å utvikle og gjennomføre eit gruppeprosjekt innanfor ein klart avgrensa tidsperiode og definerte rammer som fører til eit endeleg konsept.

Studentane lærer å arbeide raskt, metodisk og målretta ved å ta i bruk relevante designtilnærmingar og verktøy for å handtere prosjektet.

Prosjektet vil vere samansett og ha ein kompleksitet som gir utfordringar på ulike nivå, også konseptuelt, der estetiske, etiske og funksjonelle aspekt skal bli gitt nøye vurdering.

Læringsutbyte

Etter gjennomført emne skal studenten ha oppnådd følgende læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Korleis realisere eit komplekst designprosjekt saman med andre.
  • Kunnskap om relevante metodar og verktøy for samarbeidsprosjekt innan design.

Ferdigheiter:

  • Kunne analysere og presentere idear og konsept saman med kollegaer.
  • Kunne bruke verktøy for visuell dokumentasjon og gruppearbeid i prosess- og idéutvikling.

Generell kompetanse:

  • Reflektere over etikk i eigen og andre sin designpraksis.
  • Handtere gruppeutviklingsarbeid, ta samarbeidsavgjerder og prosjektplanlegging.
  • Gjenkjenne estetiske og funksjonelle implikasjonar av design i tverrfaglege kontekstar.
  • Kommunisere og argumentere for designavgjerder til eksterne interessentar.

Fulltid/deltid

Heltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Bestått emnene DES310, DES311 og DES312
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i design.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Gruppearbeid
  • Feltturer
  • Forelesningar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Gruppepresentasjon

Obligatorisk undervisningsaktivitet som skildra over må bli godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Følgjande vurderingsformer blir brukt i dette emnet:

Visuell, munnleg gruppepresentasjon av prosjektet, inkludert forsking, idéutvikling, arbeidsprosess, eigen innsats og samarbeidet.

Karakterskala
Bestått / Ikke bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlisten vil være klar innen 01.07. for høstsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert hvert tredje år, i henhold til UiBs kvalitetssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for faglig innhold og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emnene i programmet.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.