Fagdidaktikk i religionsvitskap 1 (for vidaregåande skule)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIDAREL1
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gi kompetanse i religionsvitskapleg fagdidaktikk. Studenten skal få innsikt i religions- og livssynsfagas plass i skulen og samfunnet. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing. Studentane skal lære å sjølvstendig planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i religion- og livssynsfaget i vidaregåande skule.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan gjere greie for og drøfte sentrale perspektiv i religionsvitskapleg fagdidaktikk
- har kunnskap om læreplanane i religions- og livssynsfaga, og kunne analysere dei kritisk
- kan forklare utfordringar med religionsfagas plass i skolen
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre undervisningsopplegg i religions- og livssynsfaget på vidaregåande trinn
- kan bruke fagdidaktisk teori til å vurdere og reflektere kritisk rundt eigen og andre si undervisning
- kan fagleg grunngje val av ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar tilpassa elevar på vidaregåande trinn
Generell kompetanse
Studenten
- kan konkretisere målsetjingane i religions- og livssynsfaget på vidaregåande trinn med utgangspunkt i fagleg kunnskap
- kan utvikle eigen fagdidaktisk kompetanse
- kan nytte fag- og fagdidaktisk kunnskap til å kritisk reflektere over profesjonsetiske og utdanningspolitiske spørsmål
Studiepoeng, omfang
7,5
Studienivå (studiesyklus)
Praktisk-pedagogisk utdanning
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
Fullt fagleg overlapp med RELDI111
Krav til studierett
Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og seminar i teoriperioden på til saman 7 veker. DIDAREL 1 vert knytt til praksis på 7 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk frammøte på minst 80 prosent av forelesings- og seminarundervisninga. Frammøte på forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling.
- Munnlegg presentasjon av gruppearbeid
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Semesteroppgåve, om lag 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Pensum er på opptil 500 sider.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Det psykologiske fakultet
Emneansvarleg
Fagmiljøet i religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet.